Opna kafé på Batalden
Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner opna tysdag det nye kafetilbygget ved Batalden landhandel i Flora. Sanner heldt tale og rosa kystfolket for deira evne til å omstille seg og satse på ny aktivitet. Det statlege Merkur-programmet har vore med på å finansiere kafetilbygget.