NRK Meny
Normal

Denne brønnen er del av eit internasjonalt kunstverk

GAULARFJELLET (NRK): Det var ikkje eit kva som helst kunstverk som i dag vart opna ved den nasjonale turistvegen over Gaularfjellet.

Internasjonalt kunstverk på Gaularfjellet

KUNSTVERK: Saman med ni brønnar i Malawi utgjer brønnen på Gaularfjellet eit internasjonalt kunstverk.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Kunstnaren Marianne Heier kunne ikkje håpa på ei betre ramme då verket «Mirage» vart opna i dag.

I tillegg til brønnen på Gaularfjellet, utgjer ni brønnar i Malawi i Afrika verket.

– Det har vore heilt fantastisk, med slikt vêr og så mykje folk. Vi står faktisk midt på fjellet og det møter like mykje folk som på ei galleriopning i Oslo eller Bergen, strålar Heier.

Vil få stor betydning

Fylkesordførar Jenny Følling, Balestrand-ordførar Harald Offerdal og Gaular-ordførar Mathias Råheim.

PROMINENTE: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp), Balestrand-ordførar Harald Offerdal (Ap) og Gaular-ordførar Mathias Råheim (H) var mellom dei som møtte til opninga.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

I folkemengda var både fylkesordførar Jenny Følling (Sp) og ordførarane Harald Offerdal (Ap) og Mathias Råheim (H) frå nabokommunane Balestrand og Gaular.

Der var også Per Ritzler, internasjonal kontakt, hos Nasjonale Turistvegar. Han trur kunstverket vil få stor betydning for Gaularfjellet som nasjonal turistveg.

– Det får også ein heil del å seie for lokalmiljøet. Eg har snakka med fleire lokale som er stolte og glade for at dei har fått eit internasjonalt kunstverk som nabo. Dette saman med utsikta lenger nede på fjellet vil vere fantastiske magnetar for turismen, seier han.

Sju års arbeid

Marianne Heier

FIN OPPLEVING: Marianne Heier håpar verket gir publikum ei fin oppleving. – Brønnen er eit punkt ein kan komme tilbake til. Tradisjonelt sett har brønnen vore eit møtepunkt og eg håpar den fengjer både lokalbefolkninga og internasjonale turistar, seier ho.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

For kunstnaren har det vore ein lang prosess å gå til ferdigstilling. Arbeidet har gått over nær sju år og Heier fortel at det har vore både spennande og utfordrande.

– Det har handla om logistikk, å få til boringa midt i landskapet, å ha eit anleggsarbeid utan at landskapet lir av det. Det handlar om samkøyring med ni brønnpunkt i Malawi med denne i Norge for å få det til å fungere, seier kunstnaren og legg til:

– Det er ti brønnpunkt og alle har same pumpa installert. Bassenga er forma ut etter dei lokale forhold og tradisjonar.

Det var ikkje eit kva som helst kunstverk som i dag vart opna ved den nasjonale turistvegen over Gaularfjellet.

SJÅ BRØNNEN: Kunstnaren Marianne Heier kunne ikkje håpa på ei betre ramme då verket «Mirage» vart opna i dag.

Symbolikken

Kunstverk på Gaularfjellet

KUNSTVERK: I sju år har kunstnaren arbeidd med å realisere dei ti brønnane som utgjer kunstverket.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Verket symboliserer fordelinga, eller skeivfordelinga, av ressursane.

Samstundes symboliserer den at vi er alle bunden saman, sjølv på grunn av geografiske avstandar, økonomiske skilnader, historie og politisk ståstad.

– Opplevinga er open, men samstundes har den ei meditativ form. Ein kan følgje vatnet frå bassenget og ned i dei naturlege kulpane, ned i bekken, elva, fossen og ut i fjorden og havet. Der blir vatnet ein del av verdshavet og blandar seg med vatn frå resten av verda, seier ho.

Denne helga blir Countryfestivalen på Breim arrangert for 23. år på rad. Men det er ikkje berre musikken som står i sentrum. Det gjeld å kjenna kleskodane og å ha det rette utstyret.
  
Rumlefelt får ned antall alvorlige møteulykker
  
Gondolbana i Loen, basehopparar som gjer seg klar til å hoppe, basehopparar i lufta, go pro bilete frå basehopp, Loen sett frå Hoven, Folk på Hoven, Folk tek bana opp og ned