NRK Meny
Normal

Opna for trafikk igjen etter ras

Fylkesveg 615 mellom Hyen og Hestenesøyra er no opna for trafikk igjen.

Ras mellom Hyen og hestenesøyra

OPNA FOR TRAFIKK IGJEN: Eit stor snøskred stengde torsdag vegen mellom Hyen og Hestenesøyra

Foto: Statens vegvesen

Ras mellom Hyen og Hestenesøyra

SKRED: Snøen kom også inn i tunnelen.

Foto: Statens vegvesen

Vegen har vore stengd sidan klokka 11:34 torsdag etter at eit 40 meter breitt snøskred sperra vegen

– Klokka 19:02 fekk vi melding om at dei hadde fått opna eitt felt, seier Jan Marøy ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Politiet opplyste tidlegare i dag at det ikkje var teikn på at nokon er tatt av raset. Gjølsvortunnelen vart sperra, også høgspentlinja vart og skada så SFE er på staden for å reparere den.

HER KAN DU LESE OPPDATERTE VEGMELDINGAR

– Vegen blir no open med eitt felt i natt, og så blir resten rydda i morgon.

Vegopning på Bergum i Førde kommune