Hopp til innhold

Opna for trafikk igjen

Fylkesveg 337 er no opna for trafikk igjen etter å ha vore stengd ein periode mellom Hafslo og Veitastrond i Luster på grunn av eit snø og isras. Vegmeldingssentralen fekk melding om raset like før klokka halv seks i dag tidleg, og ti over halv sju kunne Statens vegvesen melde om at vegen var rydd og opna for trafikk igjen.