Opna Fjellsportfestivalen med å kasta seg i Sognefjorden

SOGNDAL (NRK): I dag starta Fjellsportfestivalen i Sogndal og det vart ei luftig og kald oppleving for fleire under opninga.

LUFTIGE SVEV: Sjå innslaget frå Vestlandsrevyen frå opninga av Fjellsportfestivalen.

– Stor ros til studentorganisasjonen Sjøspretten som har tatt initiativ til denne opningsseremonien, seier festivalleiar Ragnhild Fagerslett.

For klokka 17.00 i ettermiddag vart Fjellsportfestivalen i Sogndal offisielt opna. Og for første gong i Sogndal si historie vart det arrangert eit hopprenn med landing i sjøen på vintertid, eller den såkalla «Dampskipkaien Open Winter Edition». Vanlegvis når dette vert arrangert skjer det på sommaren.

28 deltakarar hadde meldt seg på, og trassa minusgrader og iskaldt vatn. I forskjellige kostyme kasta dei seg ein etter ein på fjorden.

– Eg har tatt på både ullundertøy og våtdrakt så eg trur ikkje temperaturen vert eit problem. Eg gler meg meir enn eg gruar meg, sa Margit Sandberg Fjellingen, nokre få minutt før ho kasta seg utfor hoppet på kaikanten.

Fjellsportfestivalen heldt på til og med søndag og heile programmet ser du her (ekstern lenke).