NRK Meny
Normal

Her opnar den historiske landhandelen dørene for siste gong

Butikken i Vadheim heldt opent i over eit hundreår. I dag stod hundrevis i kø for å sikre seg dei historiske varene.

Landhandelen Chr. Vik i Vadheim var ein institusjon gjennom hundre år. Laurdag solgte dei ut dei historiske varene.

FOLKSAMT: Folk ventar på å sleppe inn før den historiske landhandelen Chr. Vik startar det endelege utsalet.

Chr. Vik var ein handelsinstitusjon av dei sjeldne. Her kunne ein kjøpe alt mellom himmel og jord.

Åse Stensland er ein av etterkommarane etter dei som dreiv butikken. Ho tykkjer det er trist at ein epoke no er over.

– Denne butikken var ein institusjon. Spesielt dei som er litt opp i åra hugsar den godt. Det var her du reiste for å handle. Skulle du ha skjorter, pynteting, gåver, møblar, så var dette plassen. Denne butikken hadde alt, seier Stensland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vemodig farvel for etterkommarane

VEMODIG: Åse Stensland er niesa til innehavarane som dreiv butikken. Ho tykkjer det er vemodig at butikken no blir stengt.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Butikken med det rare i

Christian Vik starta landhandelen i 1900, då han overtok etter Endre Trædal som ville satsa på hotell.

Det var meir enn berre ein vanleg butikk. Her kunne du kjøpe alt frå kraftfor, til postkort, møblar, sko og sysaker. Til ulike tider var her til og med eige slakteri og bakeri.

Lageret var legendarisk. Og mykje av det har fått stå urørt, sjølv om butikken først vart lagt ned i 2007. Det forklarer også den enorme interessa for utsalet som fann stad i dag.

– Vi har ikkje matvarer her lenger, men elles er det stort sett det same utvalet som når butikken var i full drift, seier Stensland.

Det var i Vadheim ho ferierte i barndomen og etter kvart byrja ho også å jobbe i butikken. Enkelte ting hugsar ho betre enn andre.

– Laurdagane var det kø av folk som skulle kjøpe øl og dei kom frå Sunnfjord. Ein gong hugsar eg det kom ein med drosje frå Florø for å kjøpe øl her. Dei fylte bilen med kassar med øl, så det var så vidt han kunne køyre tilbake, seier ho.

Mange minner

Som i stordomstida var butikken laurdag fylt til randa av folk som var ute etter å gjere eit siste kupp. Mange har minner knytt til staden.

Ei av dei var Helga Søgnen Hestetun, som no bur i Øvre Årdal.

– Det som står sterkast i mitt minne er Bergljot Vik. Ho var ein kulturinstitusjon og hadde alltid gode varer. Men ho passa godt på prisane, seier Søgnen Hestetun.

Bergljot Vik var søstera til Hermod Vik, som overtok forretninga då faren Christian døydde i 1946. Ho var deleigar og butikkhjelp til langt opp i pensjonsalderen.

Egil Ness frå Årberg i Sande hugsar korleis kundane fekk handle på krita.

– Du slapp å betale på dagen, du betalte når det passa. Dei hadde god tiltru til folk og blei sikkert lurt av mange som hadde dårleg råd, humrar Ness, som sjølv bytta til seg det meste han trengde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Viken i Vadheim

SPENNANDE: I butikken kan ein finne alt mogleg.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Endeleg slutt

Butikken var lagt ned for fleire år sidan. Men utsalet laurdag vart eit vemodig farvel for alle som hadde minner knytt til den legendariske landhandelen.

For Åse Stensland var det ei oppleving å sjå at det var liv i butikken igjen ein siste gong.

– Det er truleg flott å sjå at det er slik det var på 70-talet, då båtane kom til Vadheim. Då var det også slik at det var trongt i butikken. Veldig gøy det kom så mange folk i dag og ville handle, seier ho.

Handla her med foreldra

GODE MINNER: Helge Pedersen frå Høyanger hugsar då han som liten var med foreldra på handletur til Vadheim.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.