Hopp til innhold

Opna det siste store vegprosjektet i Sogn og Fjordane

SKEI (NRK): Vegen har vore i bruk lenge, men måndag klypte samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) snora på det siste store vegprosjektet i Sogn og Fjordane fylke.

Opning av nye E39 gjennom Jølster.

OPNA: Samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) fekk æra av å klippe snora då nye E39 i Jølster vart offisielt opna måndag. – Eit etterlengta prosjekt, skildrar han.

Foto: Olve Grotle

– Det har vore eit etterlengta prosjekt, både for dei som bur langs vegen men også for oss som ferdast langs vegen, og for næringslivet som fraktar store verdiar her, seier statsråden etter å ha klypt for nye E39 gjennom Jølster.

Snorklippinga er det endeleg punktum for arbeidet som starta i mars 2017. For 620 millionar kroner er dei 11 kilometerane av E39 mellom Bjørset og Skei rusta opp.

Jon Georg Dale talar under opninga av E39

TRYGGARE: Det er bygt 6,5 kilometer gang- og sykkelveg parallelt med nye E39. – Det er fordi at folk som bur langs vegen må få ferdast trygt, seier samferdsleminister Jon Georg Dale.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Den smale og svingete vegen er erstatta med brei vegbane – og gul midtstripe. Dei siste 6,5 kilometerane til Skei har endåtil fått gang- og sykkelveg.

Langs vegen samferdsleminister Jon Georg Dale tykte det heile var «utruleg artig».

– Når ein i tillegg får opne ein bompengefriveg, så er det veldig gøy for meg, seier statsråden etter å ha klypt snora.

Fylkesordførar Jenny Følling talar under opninga av nye E39 gjennom Jølster.

SJÅ BILETA: Opninga av nye E39 i Jølster.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Ved campingplassen Jølster Panorama er det ein merkedag. Før gjekk hovudfartsåra mellom Kristiansand og Trondheim rett gjennom campingplassen.

Atle Hamar og Oddmund Klakegg

NØGDE: Både statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Atle Hamar (V), og Jølster-ordførar Oddmund Klakegg (Sp) var blant dei mange frammøtte til opninga.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Idyllen blir betre når ein ikkje får trafikken så tett på. Det blir tryggare å vere her. No gler vi oss til framhaldet. Eg trur dette får mykje å seie for vidareutviklinga av campinga, seier Malene Fugle i den familiedrivne campingplassen.

Sykkelvegen trur ho vil bli mykje nytta.

– Absolutt. Vi har veldig mange bubilar som kjem her, og dei vil helst setje frå seg bilane. At dei kan sykle til sentrum og handle det dei treng på butikkane, trur eg gjer den godt brukt, seier ho.

Tryggleiken til mjuke trafikantar på vegen er også noko statsråden frå Frp set høgt.

– Når vi først skulle gjere desse utbetringane, så var det fornuftig å også etablere ein gang- og sykkelveg. Totalen for prosjektet er at vi har fått mykje veg for pengane, avsluttar han.