Farvelkonsert for Sogn og Fjordane

SANDANE (NRK): Opningskonserten på Norsk Countrytreff i år var av det spesielle slaget. Fleire artistar frå Sogn og Fjordane tok eit farvel med fylket før det går inn i nye Vestland.

Sigrid Moldestad - farvellkonsert for Sogn og Fjordane

FARVELKONSERT: Sigrid Moldestad var ei av fleire artistar som stod på scena i Trivselshagen på Sandane torsdag kveld.

Foto: Runar Sandnes / NCT

Sigrid Moldestad var ein av artistane som stod på scena i Trivselshagen på Sandane torsdag kveld. I tillegg var ho programleiar for konserten.

– Vi synest det er litt vemodig og rart at vi ikkje skal vere Sogn og Fjordane lenger, men samtidig må vi opne opp og ønskje det nye velkomen. Det er òg ei slags forsoning i denne konserten, seier ho.

Moldestad synest countrysjangeren er eit naturleg val for ein farvelkonsert for fylket.

– Country er på ein måte «bygdemusikken», og det kler Sogn og Fjordane veldig godt.

Tone Damli - farvellkonsert for Sogn og Fjordane

KJEKT: Tone Damli tykkjer det var kjekt å vere med på farvelkonserten for Sogn og Fjordane, ei markering for fylket som snart går inn i nye Vestland.

Foto: Runar Sandnes / NCT

– Hyggeleg markering

To av dei andre artistane som stod på scena var Tone Damli og Olav Stedje.

– Eg trur eg kjem til å slite med å ikkje kalle det Sogn og Fjordane, så eg kjem sikkert til å fortsette med det. Men det er hyggeleg å ha ein konsert for å markere dette, og kjekt å få vere ein del av det, seier Damli.

– Vil det vere vemodig å stå på scena i kveld?

– Forandring kan vere fint det òg, og eg trur dette til sjuande og sist blir bra. Vi får berre venne oss til det.

Sogningar, sunnfjordingar og nordfjordingar

Stedje seier at han i likskap med Damli trur fylkessamanslåinga vil bli bra til slutt.

Olav Stedje - farvellkonsert for Sogn og Fjordane

ALLTID SOGNING: – Vi vil alltid vere sogningar, sunnfjordingar og nordfjordingar uansett om vi går inn i eit nytt fylke, seier Olav Stedje.

Foto: Runar Sandnes / NCT

– Vi vil alltid vere sogningar, sunnfjordingar og nordfjordingar uansett om vi går inn i eit nytt fylke, seier han.

I tillegg til Moldestad, Damli og Stedje opptredde Vilde & Anna, Finn Tokvam og Eivind Vilnes på konserten. Damli er glad for å få dele scene med artistane frå heimfylket.

– Det er utruleg kjekt. At det er så mange flotte artistar her er ein av grunnane til at eg hadde lyst til å vere med, seier ho.

Vilde & Anna - farvellkonsert for Sogn og Fjordane

SONG: Duoen Vilde & Anna frå Nordfjordeid var blant artistane som deltok under konserten torsdag kveld.

Foto: Runar Sandnes / NCT

Frå første januar 2020 vert Sogn og Fjordane og Hordaland slått saman til Vestland fylkeskommune.