Opna brua då vindstyrken auka : – Det må ha vore teknisk svikt

Frå soverommet kunne Ole Erik Sunde kjenne korleis vinden tok tak i huset då Måløybrua vart opna og ein lastebil velta. – Eg er ikkje overraska at noko skjedde, seier han.

Måløybrua

OVER ENDE: Ein lastebil velta onsdag føremiddag då den stengde Måløybrua gjenopna, trass sterke vindkast og orkanvarsel.

Foto: POLITIET

– Eg reagerte sterkt på at dei opna bommen då vinden var på sitt sterkaste. Eg skjønte at noko kom til å skje, seier Ole Erik Sunde.

Saman med sonen sin stod han og observerte medan ein lastebil var blåst over ende midt på toppen av Måløybrua. Sunde er overtydd om at det må ha vore ein svikt i systemet som førte til at brua opna.

– Merkeleg tidspunkt

Rett før Måløybrua, som har vore stengt store delar av føremiddagen, opna igjen kjende Sunde at vinden tok kraftig tak i huset.

– Eg stod oppe på soverommet og såg ut vindauget, og då bles vinden så hardt at eg var sikker på at dei vart slått inn.

Frå stovevindauget til Ole Erik Sunde

Frå dette vindauget vart Ole Erik Sunde vitne til at lastebilen velta som følgje av det sterke vindkastet.

Foto: Ole Erik Sunde / PRIVAT


Frå soverommet har Sunde god sikt til Måløybrua som ligg eit steinkast unna.
Akkurat då vinden var på sitt hardaste, opna dei brua.

– Eg hugsar eg reagerte veldig på det. For bilane hadde jo stått i ro då det var mindre vind. Det tok jo heller ikkje lang tid etter at bilane byrja å køyre før lastebilen velta, seier han.

Mange reaksjonar

På facebooksida til Måløybrua er det fleire som allereie skriv kommentarar om at dei trur opninga av brua kan skuldast teknisk svikt. Sunde, som observerte det heile, er klar på at han trur det same.

– Eg lurte på om målingane ikkje kan ha vorte registrert eller noko.

Ole Erik Sunde var sjokkert vitne til hendinga.

OVERRASKA: Sunde stiller store spørsmål rundt kvifor brua opna igjen då vindstyrken auka. Han trur det skuldast teknisk svikt.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Han fortel at han har prata med fleire vitne som tenkjer det same.

– Eg prata med ein kamerat som sat i båten sin ikkje langt ifrå, og han sa akkurat det same. Det gir jo ikkje meining å opne då vinden er på sitt sterkaste, seier han.

– Forseinkingar i systemet

Prosjektleiar Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen trur ikkje det er teknisk svikt som gjorde at Måløybrua opna trass i den sterke vinden.

Han meiner det er forseinkingar i målingane som gjer at slike ting kan skje.

– Målingane er målt utifrå 33 meter i sekundet og dersom det går ti minuttar under det, så opnar brua igjen.

Det vil samstundes seie at dersom vinden bles opp, kan det i verste fall gå heile ti minutt før brua stengjer igjen.

Finst det ikkje ein sikrare måte å gjere dette på?

– Sjølv om me hadde stått der manuelt, så kan det plutseleg komme eit vindkast. Dette vil me aldri ha full garanti mot. Me meiner jo dette er den beste metoden tilgjengeleg, seier han.

Opna trass orkanvarsel

Trass i det står åtvaringsskilt ved brua som viser vindstyrken vil altså brua opne dersom det er ti rolege minutt under stengegrensa på 33 m/s.

I dag vart det meldt orkan i Måløy, men likevel opna på grunn av systemet.

Burde ikkje brua berre ha vorte heilt stengt?

– Systemet vårt skal jo eigentleg oppfatte det vêrmeldinga seier, for det er ikkje alltid vêrmeldinga slår til.

Men denne gongen slo det feil?

– Eg kan ikkje forklare akkurat kva som har skjedd, med denne bilen. Men det er dette systemet me har valt å stole på, seier han.

Uvêret er godt merkbart langs heile kysten av Vestlandet, og i fjellheimen. Fleire vegar og ferjesamband er stengde i ettermiddag.