Kåre (74) opna siste brua på livsverket

Han er blitt kalla Kongevegens far. I dag fekk han æra av å opne siste brua på den ti mil lange turvegen mellom Lærdalsøyri og Valdres. Samstundes heidra Kong Harald han med fortenestemedalje.

Nye Brattebakken bru på Kongevegen over Filefjell.

STOLT: Kåre Hovland ved nye Brattebakken bru på Kongevegen. I 50 år har han jobba med å få restaurert vegen.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Den første køyrevegen mellom Aust- og Vestlandet frå 1793 vart i dag igjen knytt saman til ein samanhengande veg – no som nyrestaurert turveg. Nye Brattebakken bru på Kongevegen over Filefjell var det siste leddet som mangla.

Brua er ei hengebru bygd etter inspirasjon av dei gamle bruene på Kongevegen. Den heng ved sida av dei originale brukara etter den einaste utleggsbrua som er bygd på Vestlandet. Den stod ferdig i 1792, men har gått tapt.

Overraska av heideren

Kåre Hovland fekk altså æra av stå for den offisielle opninga. Han har jobba i kring 50 år med å ta vare på vegen, som i 2016 fekk EUs viktigaste kulturpris, Europa Nostra-prisen.

Høgthengande utmerking vart det også på Kongevegens far i dag. Men det kom brått på 74-åringen under ei tilstelling på Husum hotell. Der troppa nemleg ordførar Jan Geir Solheim opp med diplom og medalje frå dagens konge – og Lærdalsven.

Kåre Hovland får overrekt Kongens fortenestemedalje av ordførar Jan Geir Solheim.

HEIDER: Kåre Hovland får overrekt Kongens fortenestemedalje av ordførar Jan Geir Solheim.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Eg er heilt overvelda og overraska. Dette betyr mykje. Det er hyggjeleg å verte sett pris på, seier ein litt fortumla Hovland etter at han har teke imot Kongens fortenestemedalje.

– Den som kan mest om Lærdal

Men han får ikkje fortenestemedaljen berre for innsatsen for Kongevegen. Hovland er pensjonert lærar, rektor og gardbrukar. Han har skrive mange bygdebøker, tatt vare på gamle Lærdalsøyri, gamle vegar, bilar og har vore ein skriftleg og munnleg formidlar av kultur og lokalhistorie gjennom eit langt liv.

– Han er ein kulturpersonlegdom som kanskje er den som kan mest av alle om Lærdal si historie. Han har gjennom arbeidet sitt synt ein fantastisk innsatsvilje, seier ordførar Jan Geir Solheim etter at han overrekt heideren til sambygdingen.

– Han har drive på over så lang tid at han er blitt ein institusjon.

– Avgjerande innsats

Solheim er ikkje i tvil om at innsatsen til Hovland var avgjerande for at Kongevegen i dag står fram som ein flott, nyrestaurert turveg.

– Dei store prosjekta og pengane som følgjde med hadde ikkje kome utan hans innsats, seier ordføraren.