NRK Meny
Normal

Opna 151 år gammal flaskepost

Då det 150 år gamle golvet på Askvoll kyrkje i fjor skulle bytast ut, kom arbeidarane over ein flaskepost. Søndag var det tid for høgtideleg opning av flaska.

Opning av flaskepost i Askvoll kyrkje

FEKK ÆRA: Kirsten Grane vart trekt ut til å opne flaskeposten frå 1863. Her saman med f.v. Anne Grethe Lien og soknerådsleiar Ole Andreas Myrstad.

Foto: Rune Ziener

Flaska

FLASKA: Den vart funnen under kyrkjegolvet i samband med restaureringsarbeid hausten 2013. Søndag vart flaskeposten i Askvoll opna.

Foto: Marit Vedberg Ask
150 år gammalt brev i flaskepost

BREVET: Skrive på dansk-aktig riksmål fortel brevet om byggearbeidet då kyrja i Askvoll vart bygt. Brevet er verken datert eller signert.

Foto: Ole Andreas Myrstad

– Det blei veldig spesielt. Eg må vedgå at pulsen steig litt når det nærma seg opninga, fortel kyrkjeverje Rune Zieler.

Det var under restaureringsarbeid i fjor haust at arbeidarar kom over den brune glasflaska. Askvoll kyrkje skulle setjast i stand til 150-årsjubileum, og då dei gamle golvborda blei fjerna, dukka flaska med eit brev opp.

Funnet vart halde hemmeleg, og først i februar i år gjekk kyrkjeverja ut i lokalavisa og annonserte funnet – og at flaskeposten ikkje skulle opnast før på jubileumsfeiringa for Askvoll kyrkje søndag 8. juni.

Sleit med å få opna korken

Framfor eit hundretals personar vart det Kirsten Grane, som etter loddtrekning, fekk æra av å opne flaskeposten under jubileumsfesten for kyrkja som stod ferdig i 1863.

– Det kjendest spesielt, vedgår Grane overfor NRK.no.

Utstyrt med ein vinopnar gjekk ho laus på den gamle flaska som var korka med vanleg vinkork.

– Korken var gamal og tørr, så flaska var vanskeleg å få opna. Eg måtte få hjelp av formannen i soknerådet for å få ut brevet, ler Grane.

Fortel om bygginga

Opp frå flaska kom eit brev, skrive på to sider av eit ark.

– No har vi ikkje fått tyda heile innhaldet enno, men det var mykje om prosessen rundt bygginga av Askvoll kyrkje. Det stod også ein del om kven som arbeidde i Askvoll på den tida. Kven som var prest, kven som var kyrkjesongar, kven som var kyrkjeverje m.m. Så det var ingen store løyndomar, fortel kyrkjeverje Zieler.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Askvoll kyrkje

FRÅ 1863: Askvoll kyrkje stod klar til bruk berre to år etter at den første kyrkja, frå 1859, brann ned.

Foto: Ottar Starheim / NRK

I brevet var det også nokre helsingar med salmevers eller liknande.

– Brevet er ikkje datert, men det er tydeleg at det er frå tida rundt oppføringa av kyrkja. Dei aktuelle årstala er omtala, og det står at Kong Carl XV var regjerande fyrste.

Flaskepost i kyrkjegolvet

FEKK PULS: Kyrkjeverje Rune Zieler i Askvoll.

Foto: Marit Vedberg Ask

Kyrkjeverja meiner brevet har ei form som utelukkar at det kan vere skrive av arbeidarane som bygde kyrkja.

– Dette er skrive på dansk, og eg trur ikkje at skrivekunnskapane på den tida var særleg allmenne. Det kan nok ha vore ein av prestane i distriktet, trur Zieler.

Ei bøn til Gud?

Kirsten Grane tykkjer det flott at forfedrane har lagt att ei helsing i kyrkjegolvet. Og det var neppe tilfeldig, trur flaskeopnaren.

– Den første kyrkja, den frå 1859, brann jo ned etter berre to år. Dette viser vel kanskje at dei ville ha Guds velsigning for den nye kyrkja. Dei håpa kanskje at det skulle hjelpe til at den fekk stå, seier ho.

Til stades under flaskeseremonien i Askvoll søndag var også lokalhistorikar Gaute Losnegård. Han vart kalla fram til scene for å tyde og lese opp innhaldet.

– Dette var veldig artig. Det verkar nesten som om flaskeposten er lagd ned i golvet for å bli henta fram nettopp til eit slikt høve som i dag.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Gaute Losnegård les flaskepost-brev

MÅTTE TYDE: Lokalhistorikar Gaute Losnegård er vand med gammal handskrift og konservativt riksmål i gamle tekstar. Han hjelpte søndag til med å tyde innhaldet i brevet.

Foto: Rune Ziener

Vil stille ut flaskeposten

Lokalhistorikaren har alt meldt seg frivillig til å omsetje brevet til moderne norsk.

– Det er jo ikkje signert, men kanskje vi får svar viss vi går i dei gamle kyrkjebøkene og samanliknar handskrifta til presten på den tida.

Uansett er funnet spesielt, meiner Losnegård.

Ole Andreas Myrstad med flaskepostbrev

FEKK LIRKA DET UT: Ole Andreas Myrstad, leiar i Askvoll sokneråd med brevet frå flaskeposten.

Foto: Rune Ziener

– Eg trur ikkje eg har høyrt om noko liknande. Det er i alle fall ikkje vanleg.

Etter å ha blitt henta opp av kyrkjegolvet etter 151 år, blir flaska og brevet no truleg stilte ut i ein glasmonter, slik at det blir tilgjengeleg for folk.

– Eg vil prøve å få til utstilling i Askvoll kyrkje. Det hadde vore veldig artig om folk fekk ta dette i nærare i augesyn. Vi må få sett brevet i glas og råme, og stille det ut saman med flaska. Eg tenkjer det mest nærliggjande vil vere å få dette plassert inn mot bakveggen i kyrkja i eit monter, eventuelt i våpenhuset, seier kyrkjeverje Rune Zieler.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote