Måndag var Raufoss-trenaren i møte med Anders Giske og sogndalsleiinga, og 50-åringen er positiv til prosessen Sogndal no er inne i for å finne rett mann til trenarjobben.
- Mange svar, men ikkje avklaring
Sogndal er ikkje noko nytt bekjentskap for Dag Opjordsmoen, som har lang fartstid i norsk toppfotball. Møtet med Anders Giske og resten av Sogndal-leiinga gav mange svar, men ikkje endeleg avklaring, seier Raufoss-trenaren, som er ettertrakta i fleire norske toppklubbar.
Skal velje om kort tid
Utfordringa for Dag Opjordsmoen blir no å velje i dei tilboda han har fått framlagt, og ei avgjerd kjem innan kort tid. - Det å trene Sogndal er avgjort interessant, eg hadde ikkje kasta bort tida på å reise til Sogndal om det ikkje var interessant, seier Raufoss-trenaren, som spelte på Fosshaugane for første gong i 1975. Seinare har han vore der mange gonger.
- Campus ei oppleving
I går vart Dag Opjordsmoen vist rundt på Fosshaugane Campus og orientert om korleis det skal bli når byggjearbeidet er ferdig. - Det var ei stor oppleving, seier han.
"Global totning"
Det er mange spelarar og trenarar som opp gjennom åra har vraka Sogndal fordi det er ein liten plass. Men det er ikkje noko problem for Opjordsmoen. - Eg har reist mykje rundt, og ser på meg som ein "global totning". Eg trur avgjort at eg kan bu i ei flott bygd i Sogn og Fjordane, så det ser eg på som ei nokså lita utfordring, seier han.