NRK Meny
Normal

Opererer med hjarte i halsen

Legane i Helse Førde slår ny alarm om det medisin-tekniske utstyret ved sentralsjukehuset i Førde.

Sentralsjukehuset i Førde.
Foto: Oddleif Løset / NRK

Årsaka er at røntgenapparatet på operasjonsavdelinga svikta då ein eldre pasient skulle få lagt inn pacemaker, skriv Sogn Avis.

- Det var ein potensielt farleg situasjon, skriv den ansvarlege legen i ein rapport.

Krev snarleg svar

- Ein må ha fungerande gjennomlysing når ein skal feste leidningar inne i hjarta, skriv legen vidare og sler fast at apparatet er i dårleg tilstand.

Legane på sjukehuset har tidlegare spurt Riksrevisjonen om Helse Vest i det heile kan levere dei tenestene dei lovar, med det medisin-tekniske utstyret dei har.

I følgje avisa krev fylkeslege Petter Øgar snarleg svar frå Helse Førde om dei vurderer utstyrssituasjonen ved sjukehuset som forsvarleg eller ikkje.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.