Hopp til innhold

Operahuset er tiårsjubilant – måtte kjempe mot gatelys i starten

Operahuset på Nordfjordeid har fostra talent og vore ein premissleverandør for kulturlivet i fylket i eit tiår. Men dei trong også gatelys i Eid den gongen dei skulle bygge operahuset.

Operahus eller gatelys?

ENTEN ELLER, ELLER?: Operahuset på Nordfjordeid står støtt i dag. Men burde dei heller ha satsa på gatelyst i Eid?

Foto: NRK

Ti år som heile Nordfjord si storstove. Jubileumet vert feira året gjennom, seinast med familieoperaen Hans og Grete. Men spolar vi fleire år tilbake, før operahuset blei bygd, så finn ein skepsis og pengeprioriteringar.

Skulle dei ha operahus når dei også trong andre ting? Operasjef Kari Pavelich har tidlegare fortalt dette til Distriktssenteret:

– Sjølvsagt kom det ein del innlegg om at dette var for fiffen. Opera vart sett opp mot gatelys og sjukeheimsplassar. Kritikken gjekk stort sett på at det som skulle kome, var eit tilbod til dei få, sa ho.

Geir Holmen, operahusleiar gjennom ti år og kultursjefen i Eid, merka seg også denne skepsisen.

– Det var kanskje litt framand å kalle det eit operahus, seier han.

Difor var han ekstra glad for at det var pengar til overs etter at bygget stod ferdig. 181 millionar kroner fekk dei totalt i støtte, og brukte 178 av dei.

– Det har vore rom for alle i operahuset. Eg synest det har vore ein god miks av ting. Om du ikkje likar opera, så likar du kanskje noko anna, seier Holmen.

For operahuset har ikkje berre opera på programmet. Julekonsertar, ungdomens kulturmønstring og russerevyar høyrer alle heime på operahuset. Huset er også tilknytt Eid videregående skule.

Narvesen-møte

Dei ti første åra var Opera Nordfjord basert på folkehøgskulen på Nordfjordeid. Gjennom totalt 20 år har operaen hatt over 30 oppsetjingar og selt om lag 90.000 billettar.

Ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich har styrt showa heile tida, og dei to blei i fjor overraska med Kongens fortenestemedalje.

Men det var eit tilfeldig møte på Narvesen i 2003 som leidde til operahus på Nordfjordeid.

– Eg møtte [dåverande ordførar i Eid] Kristen Hundeide (H) på Narvesen ein dag vinteren 2003. Han lurte på om eg hadde tid til å kome opp på kontoret hans dagen etter, seier Kari Standal Pavelich i operahuset sitt eige magasin.

På det møtet vart planane for eit operahus presenterte. I 2009 stod det klart, og ti år etter står det sterkare enn nokon gong.

– Eg synest det er slåande at då vi hadde vårt tiande driftsår, i 2018, så sette vi faktisk publikumsrekord. Det synest eg er eit vitne om at huset står seg, seier Geir Holmen.