Før brekte geitene her – no mekrar operastjernene

KANDAL (NRK): På ein gard i Kandal er låven bygd om til ein operascene. Når stadig fleire gardar blir nedlagde, må ein tenkje utradisjonelt, seier Småbrukarlaget.

Operagalla i Kandalen 2018

OPERAGALLA: Sambuarparet har hatt fleire arrangement på garden. Her syng Eivind Kandal under ein operagalla i fjor.

Foto: Runar Sandnes

– Ofte er det eg som er underhaldninga, ler Eivind Kandal.

Ved foten av bratte fjell i Gloppen har han og sambuar Torstein Kollevåg busett seg. Kandal er operasongar og jobba ved Den Norske Opera i Oslo, men for nokre år sidan valde odelsguten å satse på eit liv på heimgarden.

Bakgrunnen frå kunst- og kulturlivet blei med på flyttelasset og er no blitt ein del av livsgrunnlaget. Dei to produserer no kjekjøt, driv med turisme og arrangement på garden.

– Det er ikkje alle som vil eller kan drive med landbruk, og då er det betre at garden blir brukt til noko anna som skaper engasjement og aktivitet. Heller enn at han rotnar bort, seier Kollevåg.

Eivind Kandal og Torstein Kollevåg foran låven dei har omvandla til festlokale.

SATSA PÅ BYGDA: Torstein Kollevåg og Eivind Kandal har valt å satse på eit liv i Kandal i Gloppen. Dei kombinerer kultur, lokalmatproduksjon og turisme på garden sin.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

Positivt for bygdene

I løpet av dei siste ti åra har Noreg mista éi av fem jordbruksbedrifter. Fleire forsøk har vore gjort på å motverke tendensen, mellom anna den typen «mangesysleri» som Eivind Kandal og Torstein Kollevåg representerer.

– Det konvensjonelle landbruket kalla det forakteleg for «piker, pels og pyntegrønt», seier Solveig Svardal, ho er tilsett ved Telemarksforsking, med regional utvikling, landbrukspolitikk og reiseliv som sine fagområde.

Ho fortel at det sidan midten av 1980-talet gradvis har vorte meir av dei alternative gardsaktivitetane, men at motstanden har vore stor.

Mange meinte at midlane gjekk til ting som ikkje hadde med bygdeutvikling å gjere. Det viste seg ikkje å stemme.

LES MEIR: Her er bonde-tala som stupte under Sp – men aukar under Frp

Solveig Svardal

TRUR PÅ MANGFALD: Forskar Solveig Svardal ved Telemarksforsking trur mangfaldige aktivetar er bra for bygde – og næringslivet.

Foto: EVEN SKÅRBERG AARNES / NRK

Skal ein vitalisere bygdene, treng ein eit mangfaldig næringsliv, seier ho

– Både fordi det er marknad for det. Men også for å få unge og kvinner til å flytte tilbake.

Desse kan i sin tur sjå bygdene med nye auge, seier ho.

Må tenkje kreativt

– Det er slik i dag at ein ikkje tener nok på berre å drive landbruk, seier Kjersti Hoff, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

– Vi må få folk til å flytte til desse gardane, som tar jorda tilbake i bruk, og som brukar eigedomane til anna aktivitet, seier ho.

Ho deler Solveig Svardal sin resept om å tenkje utradisjonelt og kreativt, men meiner næringa har vore flinke til dette i lange tider:

– Landbruket har alltid vore flink til å spørje seg: Korleis kan eg bruke mine hus, mi jord, mitt fjellandskap på å skape meir inntekter? Den kreativiteten og det mangfaldet har vi bruk for framover, seier ho.

Fjellandskapet i Kandal er perfekt for geitebeite.

PERFEKT GEITEBEITE: Fjellsidene i Kanalen er ypparleg beite for geitene. Til liks med fleire bønder her produserer Torstein Kollevåg og Eivind Kandal kjekjøt.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

Draumen om bygda

Tilbake i Kandal går Eivind Kandal og Torstein Kollevåg omkring på tunet blant kje som mekrar og strekk hals.

Dei to seier at kultur og gardsdrift kan komplimentere kvarandre godt, og at det viktigaste er at det er liv på gardane.

– Vi vil få til vårt prosjekt i symbiose med bøndene som driv landbruk her, seier Kandal.

Draumen om å drive med kultur på bygda handlar om å ha med oss den tradisjonelle landbruksdelen òg.

Operagarden i Kandalen

KULTURGARD: Sambuarparet har jobba for å gjere garden til ein arena for kunst og kultur og kortreist mat.

Foto: Torstein Kollevåg