Ønskte elevane god tur med sjømannssongar

137 elevar frå Nordfjord folkehøgskule mønstra måndag på Statsraad Lemkuhl for å dra til Shetland. Austrheim mannskor sende dei i veg med gamle sjømannsviser ute på Nordfjorden.

Nordfjord Folkehøgskule segler til Shetland og Austrheim Mannskor ønsker dei ein god tur

ARBEIDSVISER: «Sjantiar» er gamle arbeidsviser frå seglskutetida. Dei står i fokus i den komande konserten til Austrheim mannskor, «Sjøen syng».

Måndag rodde Austrheim mannskor i vikingskip ut og borda Statsraad Lemkuhl for å ønskje Nordfjord folkehøgskule god tur til Shetland. Ottar Sande i mannskoret fortel at dei ville ønskje elevane god tur for å øve fram mot ein konsert i november.

– Vi har ein konsert femte november som heiter «Sjøen syng», den inneheld difor mange sjømannssongar. Så har elevane på folkehøgskulen øvd på «sjantiar» før turen, så vi skal kanskje synge litt saman.

Seglskip

Austrheim mannskor på veg ut til Statsraaden

PÅ VEG: Austrheim mannskor på veg ut til Statsraad Lemkuhl.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

«Sjantiar» er arbeidssongar for sjøfolk og stammar frå seglskutetida. Sande fortel at dei har viktige karakteristikkar som skulle inspirere sjøfolka og auke pågangsmotet deira.

– Det er rytmiske songar, det viktigaste var eit fengande refreng som ein kunne lære utanåt. Så hadde dei ein forsongar som song ein ofte spøkefull tekst. Den skulle muntre opp sjøfolka under harde arbeidsøkter.