– Det er utruleg kjekt å oppleve at fleire klubbar har vist interesse for å sjå meg spele, smiler 21 år gamle Christian Holko, som kan bli Stryn sin nye spelareksport på fotballfronten.
Rekdal gav skryt
Den siste veka har Holko vore på prøvespel i Tippeligaklubben Aalesund, og rapportane frå trenar Kjetil Rekdal var positive.
– Ja, eg fekk gode tilbakemeldingar frå Rekdal. Det var moro. Så vi får sjå kva som vil skje.
Holko har førebels takka nei til prøvespel for Molde.
– Molde ville ha meg opp denne veka, men det har eg takka nei til. Vi får avvente litt, seier han.
Også Sogndal og Hønefoss har vist interesse, men det er førebels ikkje noko konkret.
Allsidig spelar
Storparten av sesongen i Stryn har Holko spelt spiss, men han ser på seg sjølv som ein meir defensiv spelartype.
– I Aalesund vurderte dei meg som høgreback. Dessutan likar eg også godt å spele midtstoppar. Men eg er open for dei fleste oppgåvene. Det kan vere noko av styrken min, seier Holko.