Hopp til innhold

Ønskjer yngre krefter inn i styre

Mange av styreleiarane i styra i Sogn og Fjordane er tidlegare politikarar i 60-åra. Jan Olav Fretland frå SV er redd dette går ut over nytenkjinga og utviklinga i selskapa.

Jan Olav Fretland

VIL HA YNGRE FOLK: Jan Ove Fretland meiner yngre krefter må sleppe til i styreverv.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

I mange av styreleiarverva i Sogn og Fjordane vel ein å tilsetje politikarar med lang fartstid, ofte i pensjonsalder.

– Eg trur det er viktig at folk får sjansen når dei er litt yngre. Det skal mykje til at vi som er over 60 år greier å fornye eit styre, seier Fretland.

– Blir ofte pensjonerte politikarar

Jan Olav Fretland vart sjølv stemt inn på Fylkestinget som godt vaksen. Og han er i godt selskap. I dag set generalforsamlinga i Sogn og Fjordane Teater inn den tidlegare Sp-politikaren og kultursjefen i Førde, Håkon Fimland, som styreleiar.

Både Harry Mowatt, Reidar Sandal, Kjartan Longva og Nils R. Sandal er døme på menn i 60-åra som etter ei lang karriere i politikken hamnar i fleire styre både som leiarar og medlemmer.

– Når politikarar har valt styreleiarar og representantar til tunge verv i fylkespolitikken, så har det lett for å bli pensjonerte politikarar eller leiarar, seier Fretland.

Viktig å ikkje stivne

Fretland understrekar at ein sjølvsagt kan gjere ein god jobb som styreleiar sjølv om ein er i 60-åra, men meiner det kjem an på kor mottakeleg ein er for nye innspel.

– Det er berre flinke folk det er snakk om, folk som har mykje erfaring. Dei det går bra med, er dei som evnar å ta med seg dei unge. Dei som lever i stivna former eller ikkje greier å ta inn nye tankar, vil bremse for utviklinga.

– Eit varsku

Frank Willy Djuvik (Frp)

TREND: Frp-politikar Frank Willy Djuvik ser ein trend i å setje eldre folk inn i styret.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Frp-politikar Frank Willy Djuvik ser med uro på det han meiner er ein trend der ein hamnar i styreverv som takk for lang og tru teneste i politikken.

– Eg ser på det som eit stort problem. Det kan virke som vi ikkje lenger rekrutterer dei på bakgrunn av kompetanse, men meir for lang og tru teneste i partisystemet. Dette er eit varsku vi er nøydde til å ta på alvor, seier Djuvik.

Meine alder og nytenking ikkje heng i hop

63-åringen Harry Mowatt har lang røynsle frå styrearbeid, og er i dag styreleiar både i Musea i Sogn og Fjordane og Sunnfjord Energi, samt styremedlem i Helse Førde.

Han har ikkje problem med å sjå argumenta som vert lagde fram mot aldrande styreleiarar, men understrekar at alder og nytenking ikkje nødvendigvis heng i hop.

– Det betyr at du knyter det med nytenking til alder. Eg er ikkje sikker på at det er rett. Eg har møtt 25-åringar er meiner er gammalmodige, samstundes som eg kan møte spenstige 80-åringar.

Ønskjer ofte kunnskap og erfaring

Mowatt understrekar at dei som vel folk inn i styre, ofte ser på det som nyttig at ein har nokre år på baken, har oversikt og ein del kunnskap som kjem til gode i slike verv. Han legg til at dei færraste ber om å hamne i eit styre, og at difor ansvaret må liggje hjå dei som vel folk inn.

– Dei som gjer vala må gå inn og aktivt leite etter andre dei ønskjer seg. Dette er eit ansvar som ligg på dei som skal velje, ikkje dei som blir valde, seier Mowatt.