Hopp til innhold

Ønskjer Vik velkomen til Hordaland

Fylkespolitikarane i Hordaland ynskjer Vik kommune velkomne til seg - dersom vikjene gjer alvor av trugsmåla om å byte fylke.

Vikafjellsvegen, sett frå vossesida.

Vikafjellsvegen, sett frå vossesida

Foto: Ottar Starheim / NRK

Men stridens kjerne - Vikafjellsvegen - er ikkje leiar i samferdsleutvalet i Hordaland, Gustav Bahus, sikker på om han kan hjelpe med.

- Det er alltid kjekt for folk som vil bidra med noko å kome til Hordaland. Men samstundes er det vanskeleg å seie noko om kva prioriteringar samferdsleutvalet i Hordaland kan gjere med Vikafjellsvegen, seier han.

Må stille seg i kø

Og det var nett denne tunnelen det handla om då vikaordførar Marta Finden Halset igjen slo på stortromma - og truga med å snu ryggen til Sogn og Fjordane .

- Viss ikkje tunnelen blir prioritert, har vi ikkje noko val. Då må vi ta med oss medgifta vår og reise over til Hordaland.

Vikjene har nemleg lenge kjempa for heilårsveg over Vikafjellet , men har problem med å få pengar til prosjektet.

Men Bahus høyrest mistenkeleg lik utvalsbrørne sine i Sogn og Fjordane, når han blir spurt om kor høgt dei kan prioritere Vikafjellstunnelen - dersom Vik gjer alvor av trugsmåla om å flytte til Hordaland. Der har Vossapakka og ny veg mellom Os og Bergen klar førsteprioritet - medan mange andre enno ikkje har fått sitt.

- Å kunne love noko i ei prioriteringsliste, som for Hordaland òg er grådig sprengt og grådig trong, er vanskeleg. Så veit vi at alle prosjekt som kjem inn frå sidelinja må få plassen sin med tida.

Ingen seriøs diskusjon

Torill Selsvold Nyborg

Torill Selsvold Nyborg, fylkesordførar i Hordaland

Foto: Kristian Ervik / NRK

Og sjølv om det ikkje er første gong Vik trugar med å flytte, vedgår fylkesordførar i Hordaland, Torill Selsvold Nyborg, at det enno ikkje har vorte diskutert seriøst.

- Vi ønskjer jo Vik kommune velkomen viss det er det dei vil. Men vi reknar jo med at dette med å truge å gå til Hordaland er ein liten peikefinger til Sogn og Fjordane. Det er vel andre band enn veg som skal til for at ein skal bryte, seier ho.