Av:
Eldgrim Fossheim
Styret ser det som uaktuelt å bygge eit langtidstilbod innan rusomsorga berre for Sogn og Fjordane, og ber difor Helse Vest ta innspelet med i sitt arbeid med rusplan for Vestlandet.
Korttidsbehandling i Eid
Helse Førde tek i staden sikte på å bygge opp ei døgnbasert korttidsbehandling på Nordfjordeid for Sogn og Fjordane. Rusarbeidet skal også styrkast i samband med barne- og ungdomspsykiatrien.