Hopp til innhold

Ønskjer tettare band til politiet

Politiet og frivillige redningsarbeidarar samarbeider i dag godt når det skjer ulukker. Men bandet mellom dei kan med fordel bli endå tettare.

Hilde Brandshaug i FORF om samarbeid mellom politiet og frivillige

VIKTIG Å VITE OM KVARANDRE: Hilde Brandshaug i FORF seier noko av det viktigaste for eit godt samarbeid mellom politi og frivillige organisasjonar er å vite om kvarandre.

Foto: Montaasje: Privat/Arne Veum

Det meiner Hilde Brandshaug som er sekretariatsleiar i Frivillige Organisasjoners Redningsfaglige Forum, FORF.

Ho seier samarbeidet mellom politiet og dei mange ulike frivillige organisasjonane som bidreg i søk og redningsarbeid i dag er tett.

Samtidig er ho klar på at det er svært viktig at politiet veit kva ressursar dei frivillige kan stille opp med.

– Eg trur at mykje av nøkkelen til suksess ligg i å kjenne til kvarandre sine ressursar, seier Brandshaug til NRK.no.

Samarbeidet blir stadig tettare

Då alarmen gjekk om ei utforkøyring i Balestrand tysdag føremiddag tok det to timar før dykkarar frå Bergen var på plass. Om dei frivillige redningsdykkarane i Førde hadde hatt ei vaktordning kunne dei ha vore på plass på ulukkesstaden i løpet av 30 minutt.

Hilde Brandshaug i Frivillige Organiasjoners Redningsfaglige Forum meiner det er viktig å seie at samarbeidet mellom dei frivillige organisasjonane og naudetatane blir stadig tettare og betre.

– Frivillige organisasjonar blir kalla ut kvar einaste dag, og bidreg i stor grad til beredskapen heile tida.

– Vi opplever ei veldig positiv utvikling. Vi har eit tett samarbeid, særleg med politiet som har ansvaret for å kalle oss ut til redningsoppdrag, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Politi ogRøde Kors-folk i Aurland

VIKTIGE: Røde Kors er svært ofte viktige bidragsytarar i redningsaksjonar. Her er Røde Kors kalla ut i samband med leitinga etter ein sakna basehoppar i Aurland tidlegare i år.

Foto: Arne Veum

Er ofte dei einaste med utstyr og kompetanse

At naudetatane, med politiet i spissen, veit kva kompetanse dei frivillige sit på er noko av dei viktigaste for at kompetansen deira skal kome til nytte, seier ho.

– Dei som har tett dialog, og møtast og har øvingar utanom aksjonane er dei plassane der ein lukkast best når ulukkene faktisk skjer, seier Brandshaug.

Ofte har dei frivillige redningsorganisasjonane utstyr som naudetatane ikkje har, og dei har også kunnskap til å bruke det. Dette gjeld til dømes redningshundar, alpine redningsgrupper og redningsdykkarar.

– Innan veldig mange område er det dei frivillige som har den einaste ressursen som finst, seier ho.

– Heilt avgjerande

Politiinspektør Stig Inge Hauge i Sogn og Fjordane politidistrikt kunne ikkje tenkje seg å reise på redningsoppdrag utan dei frivillige med på laget.

– Dei frivillige er heilt avgjerande for at redningsteneste i Norge skal fungere, og det gjeld også i vårt fylke, seier Hauge til NRK.no.

Så tett er samarbeidet blitt i fylket at ein representant frå dei frivillige redningsorganisasjonane no også er med i redningsleiinga.

For politiet treng all den kompetansen og erfaringa som dei frivillige har.

– Vi brukar dei frivillige heile tida. For kva gong vi har ein redningsaksjon, søk eller redning, så er dei med, seier Hauge.