Hopp til innhold

Ny rapport: Ønskjer styrka leiing ved store hendingar

Organisering og leiing av store hendingar som brannen i Lærdal, må styrkast. – Dette er ikkje noko som overraskar og konklusjonane og anbefalingane er i tråd med det vi har tenkt sjølve, seier beredskapssjef Haavard Stensvand.

Brann Lærdalsøyri

STORBRANN: Mange hus blei totalskadde i brannen i januar i år.

Foto: Ida Tønnesen

Dette kan mellom anna gjerast ved å gje politiet eit tydlegare leiaransvar, er konklusjonen etter at eit konsulentselskap har evaluert brannane i Lærdal, Flatanger og Frøya på oppdrag for Justisdepartementet.

Natt til 19. januar 2014 herja eit flammehav med store delar av busetnaden i Lærdal. 17 bustadhus blei øydelagde og 71 menneske huslause.

Målet med rapporten som er utarbeidd av revisjonsfirmaet PricewaterhouseCoopers (PwC), var å finne læringspunkt og tiltak som kan styrke beredskapen ved liknande hendingar i framtida.

Politiet bør leie

I rapporten står det at ved hendingar der kompleksiteten er høg og eit stort mengd aktørar er involvert, bør politiet i størst mogleg grad leie arbeidet.

Portrett av Haavard Stensvand

FYLKESBEREDSKAPSSJEF: Haavard Stensvand.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– For meg er dette den naturlege måten å legge ansvaret og etablere eit leiingsapparat, men noko av det som rapporten peikar på er dette med samhandlingsmønsteret om politiet leiar dette så får ikkje politiet til å leie dette utan at dei andre naudetatane og andre tunge aktørane leiar dette saman med politiet, seier fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim (Sp), trur på si side at ei slik leiing ikkje hadde endra stort på utfallet av storbrannen i januar.

– Eg kan ikkje uttale meg om Flatanger og Frøya, men i Lærdal var det så god leiing med dei ressursane vi hadde tilgjengeleg. Eg er berre imponert. Eg opplevde ikkje ein einaste gong at eg såg svak eller dårleg leiing, seier han.

– Uråd å planlegge for

Grunngjevinga til konsulentane er at eit stort fleirtal av ekstraordinære hendingar vil vere definerte som redningsteneste, og bli leia av politiet uansett. I tillegg, skriv dei, har politiet arbeidd målretta for å styrke og profesjonalisere innsatsleiarrolla, og er den einaste etaten som har ei eksisterande ordning for å hente ressursar frå forsvaret.

Ordførar Jan Geir Solheim

NØGD, MEN: Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) i Lærdal er nøgd med rapporten, men meiner lite hadde vore endra med ei annan organisering av naudetatane under storbrannen i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving

Konsulentselskapet meiner erfaringa frå brannane syner at brannvesenet treng eit leiingssystem på strategisk, operativt nivå, som legg til rette for organisering av ekstraordinære hendingar.

– Eg skjønar ordlyden, men eg var der og opplevde det som skjedde. Det er ingen tvil om at det vart brote lover, at ein ikkje heldt seg til planlagde regelverk. Men det var rett og slett ikkje mogleg. Dette var ei krise det er uråd å planlegge for, seier Solheim.

Samhandling

Konsulentane meiner ei rekke brannkorps er organisert og dimensjonert for å handtere lokale brannar, at dei har som hovudoppgåve å sløkke mindre brannar, og ikkje er dimensjonerte for strategisk eller operativ leiing ved større branninnsatsar.

– Noko av det rapporten etterlyser er eit innsatsleiars KO ved større hendingar, og det er ein ting som har vore påpeika ved fleire av dei større hendingane i fylket. At det er svakheit at slikt ikkje er etablert, seier Stensvand.

– Kva er fordelane med eit slikt KO?

– Først og fremst at ein får skapt ein arena for å kunne snakke saman. Slik som i Lærdal der ting skjer veldig fort, hendinga blir veldig omfattande og ressursane blir veldig mange. Det blir behov for å styre og lage strategi for å handtere dette og skal du få til å lage strategi og system for å få styring så nyttar det ikkje at kvar etat står kvar for seg og lager dette. Her må dei ansvarlege leiarane snakke saman.

Vil omorganisere brannvesenet

Difor føreslår konsulentane å:

  • Etablere ein regional modell for korleis brannkorps og 110-sentral skal samvirke for å kunne mobilisere og leie innsats i ekstraordinære situasjonar.
  • Implementere eit felles leiingssystem for organisering av samvirkebrannvesen ved ekstraordinære hendingar.

I tillegg bør tilsyn med brannvesenet endrast, meiner konsulentselskapet. Dei skriv at fokuset stort sett har vore på førebyggande arbeid. Det blir i mindre grad undersøkt korleis brannvesenet har budd seg på ekstraordinære hendingar, meiner konsulentane.

Dei anbefaler at nasjonal brannmyndighet (DSB) bør auke fokuset på ekstraordinære hendingar, mellom anna når det gjeld vegleiing, tilsyn og opplæring.

Har ikkje vurdert samband og kommunikasjon

I rapporten vert det peika på at samband og kommunikasjon har vore ei gjennomgåande utfordring under alle tre brannane, av fleire grunnar: Mobilsamband har falle ut, arbeid har skjedd i område med delvis eller ingen mobildekning og samband mellom aktørar har ikkje vore kompatibelt.

Men konsulentselskapet skriv at dei ikkje vil rette særskilde tiltak mot denne utfordringa, fordi nytt digitalt samband (naudnett) er under utbygging og er forventa å vere ferdig hausten 2015.

Rosar redningsarbeidet

I den omfattande rapporten blir redningsarbeidet også rosa, og det blir peika på at innsatsen og risikoviljen overstig det samfunnet kan forvente av både profesjonelle og frivillige mannskap.

Rapporten vil bli sendt på høyring til råka kommunar, fylkesmannsembetet og etatar. Den vil også inngå i departementet si vurdering av det framtidige brann- og redningsvesenet.

– Det er verdt å merke seg innsatsen som vart gjort, det som stod fram som eit kjempesamhald under heile aksjonen. Og så resultatet som var faktisk var null drepne og skadde, seier Solheim og er nøgd med førsteinntrykket etter å ha skumma igjennom den 91 sider lange rapporten.

– Vi har venta lenge på denne. Dette er ein mykje betre og grundigare rapport enn den DSB laga. Det er fordi det omhandla heilskapen. Den er i større grad prega av respekt for den jobben som vart gjort, seier han.