Hopp til innhold

Ønskjer seg pengar til ny operahelg

Å gjere opera meir folkeleg er eit av måla til Åmot Operagard i Bygstad. No håper dei på 100 000 kroner slik at fleire skal oppdage denne kunstforma.

Romantikk på låven (Catrin Johnson og Bård Bratlie)

OPERAHELG: Også i år blir det opera på låven på Åmot Operagard. Her frå framsyninga i fjor.

Foto: Hans Jakob Reite/NRK

Det er berre ei veke til Årets kulturidé skal kårast i Balestrand under årets Balejazz.

Det er Sparebankstiftinga og NRK Sogn og Fjordane som leitar etter den beste kulturidéen i fylket. Den som vinn, stikk altså av med 100 000 kroner til prosjektet sitt. Operagarden i Bygstad i Gaular kommune er sist ut av dei 10 nominerte.

Åmot Operagard håper at deira idé skal vinne pengane. Operagarden har etablert seg som ei av Norges mest særprega operascener, og har sanka ei rad prisar for sitt nybrottsarbeid. Nyleg fekk dei prisen for «Årets reiselivsperle».

Ambisiøst prosjekt

23. august 2012 set dei opp sitt mest ambisiøse prosjekt nokon sinne; barokkoperaen «Orlando» av Händel – som dei første i Norge. Erlend Samnøen er kunstnarisk ansvarleg for Åmot Opergard i Gaular. Han seier det er mykje dei har lyst å bruke pengane på.

– Dette er veldig mykje pengar, og vi kjem til å kunne invitere endå fleire kunstnarar til å vere med i framsyninga. Så dersom vi vinn, har vi moglegheit til å lage ein endå betre og spennande framsyning. Vi har store ambisjonar og vil lage opera på høgt nivå, fortel han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Droninga (Catrin Johnson) og den diffuse daude X-kongen (Erlend Samnøen)

MEIR OPERA: Erlend Samnøen (tv) spelte i fjor i operaen 'Dido og Aeneas' på operagarden. Her saman med Catrin Johnson.

Foto: Hans Jakob Reite / NRK

Vil gi ei større oppleving

Sjølv om operaen «Orlando» er godt kjend i resten av Europa, har den aldri før blitt sett opp i Norge.

– Nesten ingen kjenner til denne operaen her. Så når vi set den opp, blir det faktisk norgespremiere.

Operagarden set opp stykket uansett om dei vinn pengane eller ikkje. Men om dei skulle få pengane, veit Samnøen kva dei skal brukast til

– Pengane skal dei brukast til å få fleire typar arrangert den helga. Vi vil gjere opplevinga større. Vi kunne mellom anna tenkte oss å ha eit debattforum der vi diskuter nytenking om opera. Vi har lyst å invitere folk som kanskje ikkje er med på opera til vanleg.

– Kven er publikum og kor folkeleg er det å setje opp ein opera som ingen har høyrt om?

– Det er eit veldig spennande eksperimentet. I fjor hadde vi ein eigenkomponert barokkopera som i seg sjølv ikkje skulle selje så mykje billettar. Men vi hadde tre fulle salar og blei difor veldig inspirerte til å satse vidare.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vurderer søknadane til "Årets kulturidé".

JURYEN: Laila Beate Førde, Pål Fidjestøl og Steinar Fredheim har vurdert dei ti kandidatane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Spente om det blir folkeleg nok

Pål Fidjestøl, Laila Beate Førde og Steinar Fredheim sit i fagjuryen som har plukka ut finalistane. Dei meiner utfordringa til operagarden blir å få dette folkeleg nok.

– Det første eg tenkjer at initiativtakarane bak operagarden har til fulle vist at dei kan realisere ville idear og at dei er er fulle av innovasjon og nyskaping, seier Fredheim.

– Eit stor potensiale

No skal operagarden ta det vidare og Fredheim blir overraska om dei ikkje lukkast her også.

– Det eg er litt spent på, er korleis den kulturbaserte næringsutviklinga kan bli tilpassa ei større breidde eller spissing mot ei målgruppe.

Juryleiar Pål Fidjestøl seier denne finalisten er eit av få innslag innafor den klassiske finkulturen.

– Men eg tykkjer dette har eit så tydeleg Sogn og Fjordane-preg at det gjer det kult med opera. Dei har eit potensiale til å gjere det spennande for fleire einn dei 100 som får plass i låven. Men eit kritisk spørsmål er korleis dei skal få det meir relevant for fleire enn dei som kjem til låven for å sjå operaene.

– Verdt å få med seg

Laila Beate Førde meiner kultur er så mangt og at både musikk og fotball er likestilt. Men sjølv om opera er ei smal musikkform, er det absolutt verdt å oppleve for fleire.

– Det eg tykkjer er utfordringa til operahelga, er at dei har ambisjonar om å nå ut til eit lokalt publikum samstundes framstiller dei det som ein arena for utviklinga av operakunst. Eg er spent korleis dei skal klare den balansegangen.

Fidjestøl seier det er spennande at dei har eit forretningskonsept og ein økonomisk tankegang.

– Men den er ikkje heilt i boks og der må vi stille nokre spørsmål som kanskje er litt ubehagelege. Kor mykje skal dei klare å generere sjølv og kor mykje støtte er dei avhengig å få for å drifte dette ambisiøse nivået, spør han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Åmot gard

OPERA PÅ LÅVEN: Operagarden satsar på at opera skal bli meir folkeleg og ikkje berre for fiffen.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Heilt avhengige av billettsalet

Kunsterisk ansvarleg Erlend Samnøen seier dei er heilt avhengig av å selje billettar for å få det til å gå rundt.

– Vi må sjølvsagt ha eit publikum som vil sjå framsyninga, elles har vi ikkje grunnlag for å setje det opp. Eit av mine ønskje er å riste på omgrepa kva kan opera vere. Treng opera å vere for fiffen, eller kan det vere leikent og noko alle kan vere ein del av. Det er eit av måla eg har for Åmot operagard.

Vil nå alle

Han fortel at dei samarbeider med aktørar frå Sogn og Fjordane. I år er revygruppa i Gaular med på laget. Før har dei samarbeidd med fleire lokale kor.

– Er du redd for elite- elle fiffestempet til operaen?

– Nei, eg er ikkje redd for det. Eg meiner at vi kan lage framsyningar som er for alle, seier han.