Hopp til innhold

Ønskjer ny SP-topp frå fylket

Senterparti-toppar i Sogn og Fjordane vil ha ny person frå fylket inn i partileiinga.

Karen Marie Hjelmeseter

VIL HA INN NYE FOLK: Leiaren i Sogn og Fjordane Senterparti, Karen Marie Hjelmeseter, seier det er viktig at fyket har innverknad i sentralstyret.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er viktig å ha innverknad og vere med rundt bordet, seier leiaren i Sogn og Fjordane Senterparti, Karen Marie Hjelmeseter.

Liv Signe Navarsete

GIR SEG: Partileiar Liv Signe Navarsete har varsla at ho vil trekkje seg som Sp-leiar.

Foto: Håvard Hagen / NRK

Liv Signe Navarsete opnar for å trekkje seg som Senterparti-leiar etter indre konfliktar i partiet. I dag avgjer sentralstyret at det blir ekstraordinært landsmøte, der valet av ny leier blir tema.

Hjelmeseter seier det er trist at Liv Signe Navarsete etter alt å dømme gir seg som partileiar til våren. No vil fylkespartiet ha ein ny person inn i partileiinga.

– Sogn og Fjordane er eit stort fylkeslag, og vi vil jobbe for å få folk med i sentralstyret, seier Hjelmeseter.

I sentralstyret sit partileiaren, to nestleiarar, og ni andre medlemmar. Desse leier og har ansvar for den daglege politiske verksemda i partiet og styrer økonomien. I kraft av å vere leiar i Senterkvinnene sit Bjørg Bergheim i sentralstyret i dag.

– Liv Signe Navarsete har jobba godt for Sogn og Fjordane, så dette kjem vi til å merke. No må vi jobbe for å få folk inn som erstatning for ho.

Verken Bergheim eller Hjelmeseter vil nemne namn på aktuelle kandidatar frå fylket.

– Først og alt skal vi spele inn kandidatar til ei valnemnd. Så skal vi vidare i prosessen spele inn kandidatar til eit nytt styre og ny leiing, seier Bergheim.