Hopp til innhold

Irriterer seg over at butikkar sender ut reklame på bokmål midt i nynorskland

Matbutikkar sender ut kundeaviser og flygeblad fleire gongar i veka. Mange synest det blir for mykje papir, men Olaug Marie Bjelde frå Sogndal synest heller det blir for mykje bokmål.

Olaug Marie Bjelde

SEIER JA TIL NYNORSK: Olaug Marie Bjelde ønskjer at meir av reklamen som hamnar i postkassen hennar, er på nynorsk.

Foto: Rune Fossum/Privat

Ho meiner det er respektlaust at kundeaviser frå butikkane er på bokmål i eit fylke som Sogn og Fjordane der alle kommunane har nynorsk som hovudmål.

– Når det kjem reklame frå dei fleste butikkar i Sogndal, så er det på bokmål, seier ho.

Vil at nynorsken skal prege kvardagen vår

Tysdag denne veka skreiv Olaug Marie Bjelde på nettstaden Facebook om kundeavisene ho får i posten frå ulike matbutikkar. Mange irriterer seg over mengdene reklame dei får i posten, men Bjelde er oppteken av språket i reklamen. Ho vil nemleg ha kundeavisene på nynorsk.

– Eg tenkjer at språket vårt handlar om identitet, kulturen og historia vår. Difor tykkjer det er viktig at det nynorske språket pregar kvardagen vår. Det bør også prege det som landar i postkassen vår.

Betaler for nynorskblad sjølv

Derfor vel ho matbutikken Meny når ho skal handle, for dei leverer det ho ønskjer.

– Den reklamen dei sende ut denne veka, var på nydeleg nynorsk. Det var til og med brukt «me» i staden for «vi». Og «me» er uttrykket som høyrer til i indre Sogn.

Nils Olav Øy som er butikksjef på Meny i Sogndal, får alt reklamemateriellet sitt på bokmål frå Meny-kjeda. Men han har valt å få det meste av reklamen omsett til nynorsk og trykt opp på nytt. Og det betalar butikksjefen frå eiga lomme.

– Min kamp mot sentralmakta er at alt eg kan lage av materiell sjølv, lagar eg på nynorsk. Eg vil ikkje stå inne for at vi skal bruke bokmål i eit nynorskland. Det er verdt både tid og pengar, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rune Økland
Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

Kan ikkje bestemme målforma sjølv

På Coop Extra viser Rune Økland salsskilta dei har i butikken. Han er salssjef i Coop Vest som har ansvar for Coop-butikkane i Sogn og Fjordane og på Sunnmøre. Skilta har Coop Vest sjølve bestemt seg for å få trykt opp på nynorsk, men det er vanskelegare med flygeblada dei sender i posten, fortel Økland.

– Når det gjeld flygeblada vi sender ut, går dei over fleire regionar. Difor må dei per no ut på bokmål. Det er den siste kampen vi har igjen, for dette styrer vi ikkje lokalt.

Og Økland lovar å kjempe vidare for nynorske flygeblad. Han seier kommunikasjonen dei har ut, er viktig.

– Dei som er opptekne av dette, er også opptekne av flygeblada våre kjem på nynorsk. Vi er glade for å få tilbakemeldingar på det, seier han.

Meiner det har med respekt å gjere

Kundar som handla på Coop Extra onsdag denne veka, var ikkje så opptekne av om kundeavisa er på bokmål eller nynorsk. Olaug Marie Bjelde meiner likevel at nynorsk i kundeavisene er viktig.

– Det har med respekt å gjere ovanfor kundane. Det har også med samfunnsansvar å gjere, for å løfte fram og halde i hevd det som er språket i området, seier ho.