Hopp til innhold

Ønskjer lang tunnel

– Ein 15,6 kilometer samanhengande tunnel frå Skåre til Breidalen eliminerer rasfaren og gir fem kilometer kortare veg over Strynefjellet, seier Svein Sunde som er dagleg leiar i Gode Vegar As til Fjordingen. Han seier at med ein 8,4 kilometer arm til Geiranger sikrar ein samstundes heilårssamband til verdsarvområdet. Sunde var gav nyleg ei oppdatering på planane som gjeld for riksveg 15 Strynefjellet.