Hopp til innhold

Vil lage ishotell 1800 m.o.h.

Her på 1800 meters høgd på breen ønskjer Thomas Heisig å lage eit spektakulært ishotell som skal liggje 40 meter under isen.

Gondol på Tystigen

ENORME MOGLEGHEITER: Thomas Heisig meiner bygging av gondol i området ved Tystigen i Stryn vil kunne utløyse enorme moglegheiter for både skituristar og cruisepassasjerar.

Foto: Thomas Heisig

Tyskaren Thomas Heisig meiner gondolheis og ishotell vil kunne utløyse enorme moglegheiter for både skituristar og cruiseturistar ved Tystigområdet i Stryn.

– Tenk deg å sove på 1800 meters høgd, samtidig som du ligg 40 meter under breisen. Det trur eg til og med i internasjonal samanheng ville vere ein stor attraksjon, seier Heisig.

Kan få servering på breen

Han ser for seg eit ishotell ikkje langt frå toppen Nuken, med fleire soverom. Matservering på breen bør også gå an å få til.

– På brekuppelen på fjellet Nuken er det ein vindskavl som er fast breis, og den ligg på 1800 meters høgd og er om lag 40 meter høg. Dette er ein utruleg lun og fin plass, og lett tilgjengeleg både med maskin og scooter viss ein skal lage det til, meiner Heisig.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tystigen

NYDELEG NATUR: Utsikt mot Jotunheimen.

Foto: Thomas Heisig

Må tenkje meir enn berre gondol

Han presiserer at ein ikkje må sjå gondolen som ein isolert ting, men at ein også må tenkje ein ny attraksjon, og der kjem ishotellet inn i biletet

– Vi må ikkje berre tenkje skiturisme, vi må tenkje cruiseturisme, bedriftsmarknad og privatmarknad. Då må vi bruke fantasien, og sjå kva vi kan bruke isen og breen til, seier han, og syner til at alpineliten nytta området på 1980- og 1990-talet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tystigen

EKTE BLÅIS: - I dette området finn ein blåis heilt ned i 1600 meter, seier Heisig.

Foto: Thomas Heisig

– Det er ingen grunn til at vi ikkje kunne få internasjonale langrennslag til å komme hit. Men for å få dei opp på breen, krevst det ein gondol, og ei varmestove der dei kan ha tinga sine. Då kan vi lage ein kjempearena for internasjonale landslag som kan bu i strynebygda, seier Heisig.

Vil ha istunnel med fleire gangar

Han legg også til at cruiseskipturistar må opp i høgda for å sjå breen, og at det vil vere nok eit felt der ein gondol kan gjere nytte.

– Tilkomst til ishotellet kan vere gjennom ein istunnel som ligg noko lågare enn ishotellet. Her kan ein lage fleire gangar, der noko kan nyttast til å syne biologisk utvikling og endring av brestrukturar, seier Heisig.

Etter 12 sesongar med skikøyring og toppguiding på Strynefjellet, kjenner han terrenget i Stryn som få andre. I lenger tid har diskusjonen om gondol i området gått føre seg, og Heisig tykkjer dette er heilt på sin plass.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tystigen

MÅ OPP: Cruiseturistane må opp på toppane for å sjå noko, seier Heisig.

Foto: Thomas Heisig

På tide å sjå moglegheiter

Kanskje ikkje så rart, sidan han er fødd og oppvaksen i Alpane med gondolar som eit dagleg syn.

– Eg kjem frå Garmich-Partenkirchen heilt sør i Tyskland, på grensa til Austerrike. Her er både gondolar og stolheisar eit vanleg syn, fortel Heisig.

Han meiner tida er mogen til å utnytte moglegheitene som ligg til rette i Stryne-området.
– Spørsmålet er kvifor ikkje dette har skjedd for 15–20 år sidan, seier Heisig, som ikkje er redd for at smelting vil vere eit problem for ishotellet.

- Berre fantasien som set grenser

– Her må det inn glasiologar for å måle istjukkelsen. Men i 1800 meters høgd skal det litt til for at noko slikt forsvinn veldig raskt, seier Heisig, som etterlyser utvikling.

– Her er det berre fantasi som trengst. Vi treng fleire attraksjonar, også i forhold til andre stader i området. Her ved Tystigen ligg veldig mykje til rette, seier Heisig.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tystigen

MEKTIG NATUR: Området på Tystigen har stort potensiale, meiner Heisig.

Foto: Thomas Heisig

Fleire har tenkt på gondol

Fleire reiselivsaktørar har tidlegare teke til orde for at Sogn og Fjordane bør få på plass minst ei gondolbane.

- Ei gondolbane hadde betydd mykje for reiselivet. Det vil kunne gjere oss sterkare som naturdestinasjon enn det vi er i dag, sa Synnøve Aabrekk i Reisemål Stryn og Nordfjord tidlegare i år.

Det er det ikkje alle som er samde i.

- Den urørde naturen er vårt fremste trekkplaster og har lokka folk hit i over hundre år. Eg meiner den urørde naturen framleis er det viktigaste vi har, seier Marino Ask, leiar i Sogn og Fjordane turlag.