NRK Meny

Ønskjer framleis kontakt med vitne

–Tre personar har meldt seg etter at politiet etterlyste vitne i samband med dødsulukka på fylkesveg 618 i Selje førre veke, seier etterforskingsleiar Øystein Ruud. Ei 18 år gamal jente og ein 19 år gamal gutt omkom då bilen hamna på fjorden. Politiet har etterlyst vitne som har blitt forbikøyrt av ungdomane. Vitna som har meldt seg er ikkje blant dei som har blitt passert, og politiet er usikre på om dei kan tilføre noko i etterforskinga. Ruud seier dei framleis ønskjer å kome i kontakt med personar som har blitt forbikøyrt av ungdomane like før ulukka.

Blomster og lys
Foto: Silje Guddal / NRK
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen