NRK Meny
Normal

Ønskjer forsikringar om at ny ferje held mål

Laurdag føremiddag vart det nok ein gong kanselleringar på ferjestrekninga Lote-Anda. Ordførar i Gloppen Leidulf Gloppestad vil ha dialog med ferjeselskapet om kva ein kan forvente når det blir sett inn nye ferjer.

Leidulf Gloppestad

BREV: Gloppenordførar Leidulf Gloppestad har saman med eidordførar Alfred Bjørlo sendt brev til Fjord1 og Statens vegvesen. I brevet ber dei om eit møte for å diskutere og få informasjon om kva omsyn som er tatt når det skal settast inn nye ferjer på strekninga Lote-Anda.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ferja Lifjord til på Lote

ELEKTRISK: Frå 2018 er det slutt på slike, då er det el-ferjer som skal trafikkere Anda-Lote.

Foto: Øystein Torheim

– Når ein skal sette inn nye ferjer og veit at ein har problem med straum og vind, så er det interessant å høyre om vi får ferjer som er tilpassa og fungerer under slike forhold, seier gloppenordførar Leidulf Gloppestad.

Laurdag formiddag vart det nok ein gong kanselleringar på ferjestrekninga Lote-Anda i Nordfjord. Då var det teknikken som svikta, men tidlegare har ein og hatt problem med straum og vindforholda på Anda. No vil Gloppestad ha forsikringar om at dette er problem det blir tatt omsyn til når nye ferjer skal inn på strekninga.

– Eg og Alfred Bjørlo har sendt eit brev til Fjord1 og vegvesenet, der vi ber om eit møte for å diskutere og få informasjon om kva omsyn dei tar til problema som har vore med vind og straum på Anda når det skal kome el-ferjer på strekninga. Så langt har vi ikkje fått noko svar, det meiner eg er dårleg.

Forsikring

Gloppestad trur det er endringa av kairetninga på Anda som har ført til problema på ferjestrekninga. Han skjønar at det kan vere gode grunnar til at ferjer slit med å legge til kai, men vil ha forsikring om at ein har tenkt på dette når ein no skal sette inn el-ferjer i tjueminuttsruter.

– Eg vil ikkje seie at eg fryktar at dei nye ferjene ikkje vil vere tilpassa, men vi vil ha ei forsikring om at dei har tenkt på denne problematikken.

Heilt vanleg

Tor Kristoffersen.

FÅ KANSELLERINGAR: Regionleiar i Fjord1, Tor Kristoffersen, seier at det ikkje er unormalt mange kanselleringar på strekninga Lote-Anda.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det har ved fleire høve vore sterke reaksjonar på grunn av kanselleringar på strekninga mellom Lote og Anda. Regionleiar i Fjord1, Tor Kristoffersen, skjønar at reisande synest det er frustrerande med kanselleringar, men er ikkje einig i at Anda-Lote er særleg utsett.

– Det er bestemt i anbodsdokumenta at ferjene skal tole normale vêr, vind og straumforhold. Det tar vi sjølvsagt omsyn til. Når det gjeld Anda-Lote, så er det av dei strekningane der vi har få kanselleringar og problem.

Held på med svar

Anders Sæternes i Statens vegvesen seier at dei held på med å utforme eit svar til ordførarane, men at det ikkje er klart endå. Han vil ikkje uttale seg om saka elles.

Vegopning på Bergum i Førde kommune