Ønskjer fleire med fotlenke

Åtte personar sonar med lenke i fylket. No vil friomsorga utvide talet på dei som kan sone med fotlenke.

fotlenke

ÅTTE MED LENKE: I Sogn og Fjordane er det til ei kvar tid åtte personar som sonar dommen sin med fotlenke. Dei bur heime og kan vere i arbeid og ha kontakt med familien sin under soninga.

Foto: SVEIN JACOB MATHISEN / NRK

– Vi ser at det fungerer som eit slags førebyggande arbeid. Tilbakefallsprosenten er låg, seier leiar for friomsorga i Sogn og Fjordane, Erik Onstad.

Samarbeider med nabofylket

I fjor var det 210 i soningskø i Kriminalomsorgen region vest, og stadig fleire ønskjer denne type soning. På landsplan er det over 342 lenker, og ønsket er å utvide tilbodet.

– Dette er eit ønskje frå fleire hald. Det er nokre gonger over 300 som sonar med lenke i heile landet, og vi trur at det vil kome fleire som ønskjer denne ordninga, fortel leiaren for friomsorga.

Friomsorgskontoret samarbeider med Møre og Romsdal om jobben. Det er til saman 27 lenker i begge fylka, og det er mellom 25 og 26 lenker i bruk til ei kvar tid.

Møter domfelte heime

I Møre og Romsdal er det fleire som søkjer om slike soningstilhøve. 18 personar sonar med lenke i nabofylket, og sidan tilbodet kom har til saman 130 sona slik der.

Allereie i 2008 blei Sogn og Fjordane valt ut som eitt av seks prøvefylke for å teste fotlenkesoning. Sidan den gong har det blitt meir populært.

– Det fungerer godt. Vi reiser på umelde besøk for å undersøkje om den som sonar held seg til reglane for slik soning. I tillegg har vi møter fleire gonger i veka med den som sonar for å snakke om brotsverket den har gjort og korleis det går, fortel Onstad.

FOTLENKE

PASSAR NOKON: Maksimumstida på å sone med lenke er fire månader. Og det er strenge krav til kven som får sone slik.

Foto: JENS EGIL PETTERSEN

Åtte med lenke heile tida

Det er i snitt åtte personar som sonar med lenke i Sogn og Fjordane til ei kvar tid. Soningstida er på fire månader. Nokre kjem frå fengsel og får sone dei fire siste månadane med lenke i heimen.

– Det vert ein mjukare overgang frå fengselet til samfunnslivet. Og det ser vi fungerer, sier Onstad.

Dei som soner heime får vere i arbeid og ha kontakt med familien sin. Men kan ikkje ruse seg eller drikke alkohol.

– Det er ikkje alle som får sone med lenke. Dei som ønskjer det må søkje, og dei kan ikkje vere dømde for vald i heimen, i saker som går på moral eller liknande.

Det er heller ikkje eigna for dei med store rusproblem og som ikkje har arbeid.

– Eit av goda er at den domfelte ikkje har kontakt med det kriminelle miljøet i eit fengsel. Og dermed unngår ein at den domfelte til dømes får eit kriminelt nettverk.