NRK Meny

Ønskjer fleire eldre i nettbanken

Det er stor forskjell på eldre si interesse og kunnskap om digitalisering. I går sikra eit fleirtal i stortinget at Pensjonsslippen igjen skal sendast ut i postkassene. – Eldre undervurderer seg sjølv når det gjeld overgangen til nett eller mobilbank, seier banksjef for privatmarknad, Odd Kjetil Tonning, i Sparebanken Sogn og Fjordane. Han meiner det er viktig med opplæring for å få kundane til å takle overgangen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.