Hopp til innhold

Vil du gifte deg høgt til fjells, i alpinbakken eller hos svigermor?

På fjelltoppar, i grisehus eller hos svigermor? Velvillige ordførarar gjer at forelska par no får gifte seg på spesielle og personlege plassar. Ida og André gav kvarandre sitt ja i storslegen natur.

Vigsla til Ida Grønland og Andre Grønland Blænes

RETTE EKTEFOLK: Ida Grønland og André Grønland Blænes vart vigde av ordførar Noralv Distad inst inn i Flåmsdalen, 850 meter over havet.

Foto: Kristina Ianke

– Det var nysnø på toppane, alle haustfargane og så kikka sola fram akkurat då ordføraren snakka til oss. Slik sett var det heilt perfekt.

Nygifte André Grønland Blænes minnest då han sa ja til å dele livet med Ida Grønland tidleg i oktober. Dei stod på eit utkikkspunkt, inst i Flåmsdalen, 850 meter over havet, omkransa av fjell.

– Eg likar veldig godt fjellområdet der, seier Blænes om valet av Flåmsdalen.

Straks dei var blitt mann og kone, sette dei utfor Norden sin lengste løypestreng ikledd brudekjole og dress.

– Ein flying start på ekteskapet?

– Ja, det kan du trygt seie, seier Blænes.

Ekteparet kan takke ei ny ordning og ein positiv ordførar for at dei fekk gifte seg akkurat der, milevis frå nærmaste rådhus.

FRISK START: Det første Ida Grønland og André Grønland Blænes gjorde som ektepar var å kaste seg utfor Norden sin lengste løypestreng.

Vil du ha?

Ved årsskiftet at kommunane tok over ansvaret for borgarlege vigslar, og over natta fekk ordførar landet over ei ny og annleis oppgåve.

– Sjølv om mange vel å vere utandørs, er alle opptekne av at det skal vere ein viktig dag, ein dag å minnast, seier ordførar Noralv Distad (H) i Aurland som vigde Ida og André.

Sidan nyttår har Distad smidd seks par i hymens lenkjer. Nede ved fjorden, høgt til fjells, og vigslene har vore på norsk, tysk og engelsk. Blenæs rosar ordførarar som seier ja til utradisjonelle oppdrag.

– Vi tykkjer det er heilt opp at dei er så sporty at dei tek slike oppdrag.

På hytta, i eit grisefjøs, på stranda, i ein alpinbakke, heime i ulike hagar og på ein vikinghaug er nokre av stadane ordførarar har vigsla par. Ei uhøgtidleg kartlegging viser at ordførarane villig vekk tek turen ut av rådhusa.

– Eg var ein av dei som var skeptiske. Eg skjønte ikkje kvifor ordførarar skulle sysle med dette, men no opplever eg at det er ei triveleg oppgåve, seier ordførar Ola Teigen (Ap) i Flora kommune.

– Eg vigsla eit par på Ytterøyane fyr, langt vest i havgapet. Spektakulært og ei fantastisk ramme.

Grensa går ved vigsel i fallskjerm

Ola Teigen smiler

– Det er nervøse par i alle aldrar som giftar seg for første, andre og tredje gong. Det er like stor stas alltid.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kommunane praktiserer vigselansvaret ulikt. I store kommunar som Oslo og Stavanger har langt fleire enn ordførar og varaordførar vigselrett. Teigen trur fleksibiliteten er større i mindre kommunar.

– Brudepara er glade for at vi strekkjer oss langt. Det er ikkje hundrevis av vigslar for dagen i ein liten kommune, så vi er nok meir fleksible.

Men ein plass går grensa, også for Teigen.

Hehe, viss nokon ber meg hoppe i fallskjerm kjem eg garantert til å sende varaordføraren.