Ønskjer at staten bidreg med midlar for å trygge turistar

Etter dødsulukka ved Nigardsbreen søndag går diskusjonen om tryggingstiltak for turistar. I Odda har Trolltunga hatt klar effekt av si vaktordning – men etterlyser meir midlar frå staten.

Fjellvakt Mats Bjørnstad

FJELLVAKT: Fjellvaktene ved Trolltunga observerer og hjelper turistar langs stien. Dagleg leiar i Trolltunga AS, Rolf Bøen, etterlyser no at staten i større grad bidreg økonomisk for å trygge turistar.

Foto: Tale Hauso / NRK

Søndag omkom ein person i ei ulukke ved Nigardsbreen i Luster. Etter dette har det vorte innført ei midlertidig vaktordning i området. I Odda har reisemålsikonet Trolltunga hatt stor effekt av si vaktordning. Etter 42 aksjonar i 2016, blei det i fjor innført ei ordning der vakter observerer og hjelper turistane langs stien døgnet rundt. Det har ført til klar ein nedgang i talet utrykkingar, fortel dagleg leiar i Trolltunga AS, Rolf Bøen.

– Den ordninga er den som verkeleg har gitt gode resultat. Men det er klart, det kostar pengar.

Vaktbu Trolltunga

VAKTBU: Fjellvakter går langs stien til Trolltunga, observerer og hjelper turistar, fortel Rolf Bøen i Trolltunga AS.

Foto: Tale Hauso / NRK

Vaktsystemet kostar kring 750.000 kroner i sesongen. Bøen meiner staten i større grad bør bidra økonomisk for å trygge turistane.

– Den norske stat driv ei massiv marknadsføring for å få turistar til Noreg. Ein stor del av dei søkjer naturopplevingar. På landsbasis burde den norske stat trå til enda tøffare for å bidra til å vareta sikkerheita for turistane som kjem, seier han.

Første året finansierte Miljødirektoratet halvparten av kostnaden, i år har Trolltunga AS betalt alt.

Rolf Bøen, Odda kommune

– STATEN BØR BIDRA MEIR: Dagleg leiar Rolf Bøen i Trolltunga AS, vil at staten i større grad bidreg økonomisk for å trygge turistar. – Vi tek dei tøffe utfordringane med å «sørve» dei turistane som blir marknadsført å få til landet. Vi betaler moms (t.d.) på parkeringsavgifter. Vi betaler betydeleg tilbake til statskassa for å ta dette ansvaret. Dette bør den norske stat ta på alvor, og bidra, seier Bøen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Inga ordning

Statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet, Daniel Bjarmann-Simonsen (H), seier dei ikkje har slike støtteordningar som Trolltunga AS etterlyser.

– Men Klima – og miljødepartementet har ei ordning med nasjonale turiststiar der Trolltunga fekk 2,8 millionar kroner i 2017 til utbetring av stiar, bruer og sikkerheitstiltak. I 2018 fekk dei 800.000 kr til nødbu og utvikling av parkeringsordning, skriv departementet i ein e-post.

Daniel Bjarmann-Simonsen

IKKJE ORDNING: Statssekretær Daniel Bjarmann-Simonsen (H) seier dei ikkje har slike støtteordningar som Trolltunga AS etterlyser.

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde

– Det vil i løpet av 2018 bli laga ei autorisasjonsordning, der utvalde stiar kan bli autorisert som Nasjonal turiststi. Desse stiane vil bli prioritert ved tildeling av pengar frå tilskotsordninga frå og med 2019, kommenterer Bjarmann-Simonsen.

– Interesse

Ved Nigardsbreen skal det no vere ei vakt til stades dei neste to-tre vekene. Ifølgje rådmann i Luster, Jarle Skartun, vil det koste rundt 50 000 kroner. Kommunen stiller som garantist, men også Statens naturoppsyn og reiselivsaktørar bidreg. Skal ordninga bli permanent må kommunen ha hjelp.

Jarle Skartun

MIDLERTIDIG: Det er no innført ei midlertidig vaktordning ved Nigardsbreen. Det er ikkje teke stilling til om ho blir permanent. Skulle det bli vurdert, vil vakthald for ein heil sesong auke kostnaden vesentleg utover det kommunen har i dag, seier Luster-rådmann Jarle Skartun.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Då må det finnast offentlege midlar frå stat eller fylkeskommune. Vi har hatt noko statleg støtte til tilrettelegging av infrastruktur, men det er ikkje nok.

Skartun seier Trolltunga og Nigardsbreen ikkje er heilt samanliknbare reisemål, men helser utspelet frå reiselivsikonet i Odda velkome. I Luster har dei hatt auka turiststraum dei siste åra.

– Vi følgjer slike oppspel med interesse. Det går diskusjonar om turistskatt og Nasjonal turiststi. Det er saker vi følgje nøye for eventuelt å styrke ei finansiering – for å på ein betre måte kunne leggje til rette, informere og følgje opp attraksjonar som eksempelvis Nigardsbreen, seier Skartun.