Ønskjer at endå fleire skal oppleve dette

For å få ungdom ut i naturen, søkjer Sogn og Fjordane turlag om pengar. Målet er leik, glede og meistring.

Skihopp

MORO: Ikkje berre alvor, men mykje leik og skihopp. Biletet er frå ein vinterbasecamp på Fivlehyttene i regi av DNT Ung.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NRK

– Friluftslivet er ein viktig del av identiteten i Sogn og Fjordane, seier Marino Ask som er leiar i Sogn og Fjordane turlag.

I tre år fekk turlaget pengar av Sogn og Fjordane fylkeskommune som blei brukt på ei stilling som ungdomsturleiar. Det blei eit opphald i fjor, og no håper Ask at dei kan starte opp att i 2018. Difor har turlaget sendt ein ny søknad for å kunne tilsette i ei 100 prosent stilling.

Marino Ask

LEIAR I TURLAGET: Marino Ask likar å vere ute og ønskjer å få fleire med seg.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Målet i jubileumsåret er å legge til rette for at barn og unge skal bli kjende med friluftslivet. Vi ønskjer betre tilgjengelegheit og eit breiare friluftstilbod.

Trur pengane kjem

Han viser til ei nyheitssak på NRK Sogn og Fjordane fredag. Her kom det fram at auka aktivitet kan spare Norge for 80 milliardar i året. For nordmenn rører for lite på seg, og sju av ti er ikkje i nok aktivitet.

– Vi i turlaget meiner det er relativt lite pengar som skal til for å auke den frivillige satsinga på barn og unge. Difor søkjer vi om 500.000 kroner som skal gå uavkorta til DNT Ung.

– Har de tru på at pengane kjem?

– Ja, vi håper fylkespolitikarane ser verdien i arbeidet som frivillig sektor gjer. Skal ein få fleire aktive barn og unge, er det to verkemiddel. Du har idrett som er meir konkurranseretta og har sine eigenskapar. Det andre er friluftslivet og få unge ut i naturen.

Fekk mange unge medlemmer

Dei tre åra turlaget hadde prosjektstillinga, opplevde dei vekst i talet på unge medlemmar.

– I dag har vi 2500 unge under 27 år i Sogn og Fjordane turlag. Det er 33 prosent av medlemmane. Det er viktig at ungdom er med på å byggje opp tilbodet til ungdom, og denne stillinga har lagt eit godt grunnlag for dette.

Turlaget er avhengige av mykje dugnad for å fungere. Ask meiner likevel at ein tilsett person er viktig for organisasjonen.

– For å auke det frivillige treng vi administrative ressursar som kan legge til rette.

Svaret på søknaden kjem truleg i februar, og Marino Ask er optimist.

– Eg er alltid optimist på vegner av friluftslivet.

Nestleiar Jakob Andre Sandal (Sp) i Hovudutval for næring og kultur seier at søknaden først skal behandlast administrativt før den går vidare til utvalet.

Kom deg ut-dagen

I dag er det Kom deg ut-dagen. Det er arrangement for store og små over heile landet, og dagen blir også brukt til å feire 150-årsjubileet til Den Norske Turistforening.

Er du på tur? Merk gjerne bileta dine med #nrksf på Instagram. Då dukkar dei opp her:

Laster innhold, vennligst vent..