NRK Meny
Normal

Årdølene møter opp for å syne si medkjensle

I morgontimane vart det lagt ned roser og tent lys utanfor Rådhuset i Årdal for å minnast dei tre offera etter drapstragedien i går kveld.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Flagget heng på halv stong og innbyggjarane i Årdal har tatt turen til Rådhuset for å ynskjer å vise si medkjensle og tenne lys. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

– Det er heilt uverkeleg og det er no viktig å stå saman, seier Odd Arne Guttulsrød.

Odd Arne Guttulsrød, kona Ingunn og barnebarnet Sander har tatt turen til Rådhuset for å tenne lys for dei tre drepne.

Ei 19 år gammal jente, ein bussjåfør frå Valdres i 50-åra og ein svensk statsborgar i 50-åra blei offer for knivdesperadoen.

– Det er ei tragisk hending som har skjedd, og vi må ta vare på kvarandre. Det er heilt uverkeleg at noko slikt skal skje i fredelege Årdal, seier Odd Arne Guttulsrød.

Tenner lys

Dei samlast utanfor Rådhuset og tenne lys er ein fin måte å minnast dei som vart utsette for denne tragedien.

– Vi veit ikkje enno om det er nokon vi kjenner, men Årdal er eit lite samfunn og dei fleste kjenner kvarandre her, seier ei prega Ingunn Guttulsrød.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lys og roser utanfor Rådhuset i Årdal

SYNER SI MEDKJENSLE: Utanfor rådhuset i Årdal har innbyggjarane lagt ned roser og tent lys for dei tre drepne.

Foto: Christian Blom / CBFoto

Drap alle på bussen

Politiet fekk melding om hendinga på fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin like etter klokka 17.30 i går kveld. Den første meldinga gjekk ut på at det hadde vore ei trafikkulukke, men det vart snart klart at noko grufullt hadde skjedd.

Ein av passasjerane hadde gått til angrep og drepe dei tre andre på bussen. Bilistar som kom til såg at det var personar i bussen som trengde hjelp, men var truga med kniv då dei prøvde å ta seg inn i bussen.

Til slutt var det mannskap frå brannvesenet og ambulansepersonell som overmanna gjerningspersonen og hadde kontroll på han, fram til politiet kom til staden litt etterpå.

Forstår ikkje at det kan skje i vesle Årdal

Birgitte Seim og Karoline Hunshammer Moen går i 3. klasse på studiespesialiserande ved Årdal Vidaregåande skule. Dei har tatt turen til Rådhuset for å vise si støtte til familien, vener og kjende.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skulejenter tenner lys

TENNER LYS: Birgitte Seim og Karoline Hunshammer Moen forstår ikkje at dette kan skje i vesle Årdal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

– Det er heilt forferdeleg og vi forstår ikkje at dette kan skje i vesle Årdal. Vi har alltid trudd at dette har vore ein trygg stad.

Dei gjekk på same skule som den 19 år gamle jenta.

– Vi kjende ho ikkje så godt, men vi veit godt kven ho er. Det er mange vener som kjende ho godt, så det er veldig trist.

Dei synest det er bra at så mange stiller opp og har tatt turen til Rådhuset.

Grufullt

Etter at jentene har tent lys skal dei vidare til skulen, og dette er noko dei ikkje gler seg til.

– Det kjem til å bli heilt grufullt for å vere ærleg, for ho gjekk jo på same skule som oss. Det blir veldig trist, men vi håper at vi kan få prate om det i klassen.

Vegopning på Bergum i Førde kommune