Hopp til innhold

– Dei som har minst får svi mest

GAULAR (NRK): Pensjonistforbundet fortvilar over at mange ikkje lenger får dekka reisa si til og frå sjukehus. Mens pasientane tidlegare fekk igjen pengar alt etter ein reiseveg på tre kilometer, må avstanden no vere minst 10 kilometer.

Per Oddvar Kjelstad, leiar i pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane

ØNSKER ENDRING: Per Oddvar Kjelstad, leiar i pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane er ikkje nøgd med dagens refusjonsordning for pasientreiser.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

– Det er alltid slik, dei som har minst som får svi mest, seier Per Kjerstad. Fylkesleiaren i Pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane er oppgitt over konsekvensane av ei endring i pasientreiseordninga.

Tidlegare fekk pasientar som sjølve organiserte transport til og frå behandling refundert kostnadane ved reiser lenger enn tre kilometer. Etter at Helse- og omsorgsdepartementet gjorde ei forenkling vart minsteavstanden auka til 10 kilometer.

– Mange er voldsomt opprørte over at Helse- og omsorgsdepartementet heva minsteavstanden, seier Kjelstad

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Anne Grethe Erlandsen (H), forklarar at endringa er gjort for å lage eit enklare søknadssystem for brukarane.

Anne Grethe Erlandsen

FORENKLING: Statssekretær Anne Grethe Erlandsen (H) i Helse- og omsorgsdepartementet meiner dagens ordning er enklare for brukarane.

Foto: NRK

– Før måtte brukarar sende inn mange vedlegg, no har vi lagt til rette for at brukarar slepp å sende inn så mange papir for å søke om refusjon, seier Erlandsen.

Eit honnørord

Kjelstad er ueinig i at dette er ei forenkling. Etter endringa kom det nye skjema, og dei er ifølge Kjelstad kompliserte. Han viser til ei fire siders instruks for korleis ein skal fylle ut skjemaet riktig.

– Dette kan ikkje kallast ein forenkling. Her har forenkling blitt brukt som eit honnørord.

Kjelstad seier at han fryktar at folk som ikkje har så mange ressursar synest søknadskjemaene er så kompliserte at dei let vera å søke om refusjon.

– Me har fått opplyst at berre 30 % av dei som har rett på refusjon søker, resten betalar alt sjølve.

Cecilie Solvang er fagansvarleg på Pasientreisekontoret i Helse Førde. Ho seier at dei kjenner til at mange synest det er vanskeleg, og at dei tek til seg kritikken.

Cecilie Solvang på kontoret sitt

TEK KRITIKKEN: Fagansvarleg Cecilie Solvang ved Pasientreisekontoret i Helse Førde seier dei kjenner til tilbakemeldingane og tek dei til seg.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

– Me fekk mange tilbakemeldingar, så me reviderte skjemaet tidlegare i år for å gjere det enklare.

Ventar i timevis

Dei som ikkje køyrer sjølve er heller ikkje fornøgde med pasientreiseordninga. Ifølge Kjelstad mange frustrerte over mykje venting.

– Dette råkar dei som bur langt vekke frå sjukehus. Først må dei vente i timevis på transport, og så tek det lang tid å reise heim fordi ein full drosje må køyre omvegar for å sleppe av mange passasjerar.

Statssekretær Erlandsen seier ho forstår at mange opplever dette som slitsamt, men seier at dette er eit spørsmål om økonomi.

– Det viktigaste for helsedirektoratet er at det går mest mogleg pengar til behandling av pasientar, og då kan me ikkje bruke like mykje pengar på transport.

Pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane sende tidlegare i år ei liste med krav til Helse- og omsorgsdepartementet. Dei fekk svar, men har ikkje sett noko til endringar.

– Me kjem no til å følge dette vidare opp politisk, seier Kjelstad.