Hopp til innhold

Onsdag blir beste dagen

Vêrvarselet er dårleg nytt for dei som håpar å kunne nyte påskeferien i solveggen.

Skitur i kystlandskap

PÅSKEVÊRET: Drøymer du om skiturar i påskesol er onsdagen beste dagen, resten av påska blir prega av regn og gråvêr.

Foto: Marino Ask

– Måndag byrjar det med berre gråvêr og lågt skydekke. Det blir periodar med regn og snø over 500 til 700 meter, seier statsmeteorolog Kristin Seter.

Einaste trøysta er at det er venta lite vind måndag. Det blir bris av skiftande retning, dreiande mot nordvest på ettermiddagen. Periodar med frisk bris på kysten og i fjellet.

Solgløtt

Tysdag blir vêret mykje likt måndag. Onsdag derimot blir det ein solgløtt.

– Det ser ut til å bli ein fin dag, altså. Det blir skiftande bris og stort sett pent vêr, men allereie om kvelden byrjar det så skye over igjen. Så ein må nok prøve å nye onsdagen mest mogleg, seier Seter.

Kristin Seter, yr-meteorolog

NEDBØR PREGAR PÅSKA: Statsmeteorolog Kristin Seter.

Foto: Meteorologisk institutt

Skjærtorsdag kjem eit nytt nedbørsfelt inn over fylket, og det kjem til å prege resten av påska. Sjå oppdatert vêrvarsel her.

– Førebels ser det diverre ut til at det er regn og nedbør som kjem til å prege påskehelga. Men det er jo lov å håpe at det skal snu, for som vanleg er det litt uvisse med prognosane. Så langt ser det diverre ikkje så bra ut, seier Seter.

Skianlegga på Vestlandet fortvilar over det som ser ut til å bli ei elendig påske. For det er meldt gråvêr og då flyktar folk frå skibakkane.