NRK Meny
Normal

Onkel skal ha misbrukt søstre over fleire år

Ein mann i 60-åra er tiltalt for langvarige og alvorlege seksuelle overgrep mot to jenter.

Det er ei alvorleg sak som i dag startar i Fjordane tingrett. På tiltalebenken set ein mann i 60-åra, som politiet meiner utsette to nieser for seksuelle overgrep.

I følgje tiltalen skal overgrepa ha starta på 90-talet og gått over ein periode på 11 år. Dei skal ha funne stad både her i fylket og ein stad på Austlandet.

Den eldste søstera var under ti år då overgrepa starta. Mannen er tiltalt for å ha utsett jenta får overgrep over åtte år. Den yngre systera var under 14 år då overgrepa starta. Også her går tiltalen på overgrep fram til jenta fylte 16 år.

Overgrepa ligg fleire år i tid tilbake, og skjedde før straffelova vart endra og skjerpa i 2000. Dersom mannen blir funnen skuldig, risikerer han fengsel i opp til 21 år. Minimumsstraffa er fengsel i eitt år.

Statsadvokat Magne Nyborg vil ikkje kommentere saka, medan det ikkje har lukkast NRK å få kontakt med forsvarar Stig Nybø.

Det er venta at det blir sett fram sivilt krav om erstatning. Fjordane tingrett har sett av to dagar til handsaming av saka.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå