Hopp til innhold

Onanerte under videochat med 10-åring

Sunnfjordingen lasta ned kring 100 overgrepsbilete og videoar av born. Ved fleire høve onanerte han også framfor webkamera under samtalar med mindreårige.

Sogn og Fjordane tingrett

DØMD I TINGRETTEN: Sogn og Fjordane tingrett dømde mannen til fengsel i fem månader.

Foto: Oddleif Løset / NRK

No har Sogn og Fjordane tingrett dømd sunnfjordingen i 30-åra til fengsel i fem månader for forholda han for nær to år sidan vart pågripen for.

Då avdekka politiet at mannen hadde lasta ned kring 70 korte filmar og 30 bilete der born ned i seksårsalderen blir seksualiserte eller utfører seksuelle handlingar.

Retten festa lit til mannen si forklaring om at han ikkje delte vidare noko av materialet, og at han sletta det dagen etter nedlasting.

Mannen erkjende også at han ved fire høve onanerte framfor webkamera, under samtalar med born ned i tiårsalderen.

For dette vart mannen dømd for seksuelt krenkande åtferd i «nærvær av eller overfor barn under 16 år». Mannen vart også funnen skuldig i å ha kjøpt ei mindre mengd hasj.

Påtalemakta la ned påstand om fengsel i åtte månader. Retten fann det formildande at mannen la alle korta på bordet ovanfor politiet. Like eins at politiet har brukt nær to år på å få saka inn for domstolen.

– I tillegg til rein liggetid på sju månader, må det såleis også leggast vekt på at den samla saksbehandlingstida har vore for lang, og at dette har vore belastande for den sikta, skriv tingrettsdommar Gunnhild Grove.

Til frådrag i fengselsstraffa kjem 31 dagar varetektsfengsling. Politiet tek også beslag i datautstyret til mannen.