Hopp til innhold

Omstridd legevikarsjef får meir anonym rolle

Mikael Palm, sjefen for det omstridde danske legevikarbyrået NordVik, skal ikkje lenger vere frontfigur i selskapet, og vil få ei meir anonym rolle. Palm skal ikkje lenger vere del av den daglege drifta.

Mikael Palm

DEGRADERT: Mikael Palm skal ikkje lenger vere del av den daglege drifta, og skal ikkje vere i media. Han er administrerande direktør i legevikarbyrået NordVik.

Foto: Kari Løberg Skår / Dagens Medicin / NRK

Dette kjem fram i ei melding NordVik har send ut til dei norske kommunane dei samarbeider med.

Kraftig press

Presset mot Mikael Palm, leiaren i det danske legevikarbyrået NordVik, har vorte større og større etter krass kritikk av selskapet den siste tida. Mellom anna er tre danske vikarlegar under gransking frå Statens helsetilsyn grunna svært kritikkverdige forhold ved Nordfjord legevakt i Sogn og Fjordane.

Umogleg å få tak i

Karsten Ramløv Svendsen

BEKLAGAR: Styreleiar i NordVik, Karsten Ramløv Svendsen seier Palm har fått ei meir anonym rolle i selskapet.

Foto: Transmedica

NRK har i månadsvis prøvd å få Palm i tale, men han har hemmeleg telefonnummer og vil ikkje snakke.

Siste epostkontakt var då han bad NRK ikkje ta kontakt med NordVik meir, verken på telefon eller epost. Vidare har legar og kommunar offentleggjort epostar med aggressivt og trugande innhald frå Palm.

– Han har vore trøytt og då følgjer temperamentet med, seier styreleiar Karsten Ramløv Svendsen.

Anonym rolle

No får han ei meir anonym rolle og skal ikkje lenger ha direkte kontakt med legar, kommunar og media, fortel styreleiar Ramløv Svendsen.

– Mikael Palm har gjort ein formidabel jobb for NordVik gjennom mange år og han vil også i framtida ha tittelen administrerande direktør. Men i framtida skal han berre ta seg av dei overordna strategiske oppgåvene, seier Ramløv Svendsen.

Måten han har fronta selskapet på den siste tida har ikkje vore bra, vedgår styreleiaren.

– Han beklagar, og det gjer eg òg.

Avviser degradering

Ramløv Svendsen avviser at endringa av Palm sine arbeidsoppgåver har noko med mediekritikken den siste tida i gjere.

Han avviser også at endringa av Palm sine oppgåver er ei degradering.