Det som skjedde med Arve Beheim Karlsen vart stempla som rasisme frå første dag, men det tok svært lang tid før det vart teken ut ein tiltale på rasisme. Det skjedde ikkje før riksadvokaten bad om ein meir aktiv bruk av denne paragrafen etter Holmlia-drapet utanfor Oslo i vinter.
Paragraf 135 a i straffelova går på utsegner som er spreidde blant ålmeinta og som hånar ein person på grunn av hudfarge og etnisk bakgrunn. Den blir svært sjeldan teken i bruk. I følgje ein gjennomgang Lovdata gjorde i vinter er den kun teken i bruk sju gongar sidan 1977, og i seks av desse tilfella vart det avsagt ein fellande dom. Tiltale nummer åtte og ni gjeld dei to naustedølene som no skal for retten.
Så seint som 15. januar i år sa statsadvokaten nei til å bruke denne paragrafen. Den 1. februar sende riksadvokaten ut eit brev til alle statsadvokatene i landet om å vere svært grundige når dei vurderte bruken av lovheimelen. Det skjedde etter Holmlia drapet, og berre 14 dagar etter kom statsadvokaten med rasismetiltalen mot dei to.
Advokatane deira vil truleg argumentere svært sterkt i retten for at dette skjedde på grunn av ei stemningsbølgje etter drapet i Oslo-området. Statsadvokaten har lova at han på si side har gode argument, og at dei vil bli lagde fram i rettssaka. Årsaka til at rasismeparagrafen så sjeldan blir teken i bruk er den generelle ytringsfridomen som står så sterkt i Noreg.