NRK Meny
Normal

Omstridd parole i 1. mai tog

Protestantane mot gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal og deponi i Førdefjorden dominerte 1. mai toget i Førde.

Engebøfjellet skal sprengast ut for å utvinne mineralet rutil. Selskapet Nordic Mining vil deretter lagre enorme mengder forureina slam i botnen av fjorden. Samstundes håpar selskapet på 170 arbeidsplassar.

Sjå Har tru på gruvedrift og - Alt liv på fjordbotnen forsvinn

Innbyggarane ville bruke arbeidarane sin dag til å protestere fordi dei meiner bygda og fjorden vert øydelagt.

- Eg er veldig nøgd. Nesten halve bygda har møtt opp. Og fleire som ikkje bur i Vevring går også under vår parole.

Det seier Magnar Falkenstein i Miljøgruppa i Vevring.

(Artikkelen held fram under biletet)

1. mai tog i Førde 2009

Magnar Falkenstein heilt til høgre.

Foto: Vegar Erstad/NRK

Skulda for å motarbeide arbeidsplassar

Det har vore strid om parolen skulle vere ein del av 1. mai-markeringa i Førde. Parolen "Nei til fjorddeponi" vart skulda for å motarbeide etablering av mange arbeidsplassar i Vevring. Mellom anna Arbeidarpartiet, Senterpartiet og LO nekta å gå under denne parolen, som er ein av fem hovudparolar.
Den fekk likevel vere med, men ikkje som ein av dei hovudparolane.

- Det er eit kompromiss. Den blir tona ned , og blir plassert lenger bak i toget, seier Magne Aardal, som er medlem av 1. mai-komiteen og SV-ar.

Dominerte toget

1. mai tog i Førde 2009

Det danna seg ei glipe mellom Nei til fjorddeponi parolen og resten av toget.

Foto: Vegar Erstad/NRK

Men det vart ikkje akkurat noko nedtoning. Dei som gjekk under parolen dominerte toget fullstendig. Over halvparten av dei som gjekk i tog gjekk under parolen "Nei til fjorddeponi". Og i motsetnad til dei andre parolane, ropte dei kampord, og det fløymde over av plakatar. Dei skilde seg nesten ut som eit eiga tog bakarst.

Ein oppglødd Anne Line Thingnes Førsund var også svært nøgd med opptoget.

- Sjå då ! Alle desse går med oss. Det er jo over halve toget, seier ho.

- Dette gjeld jo ikkje berre folk frå Vevring, men alle som nyttar fjorden.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.