NRK Meny
Normal

Omstridd lege til Finnmark

Den omstridde kommunelegen Mikael Nordfors, som i haust miste jobben i Jølster, er no oppe i same situasjonen i Finnmark.

Av:

Harald Kolseth

Fylkeslegen der har bede Kautokeino kommune greie ut kvifor dei har hyrt inn mannen som vikarlege, medan han har ei uavklara sak i Helsetilsynet.

Nordfors er omstridd på grunn av metodane han brukar i undersøkingane.

Kautokeino kommune har alt avgjort at den omstridde legen ikkje får halde fram der når kontrakten går ut i midten av månaden.

Jan Mikael Nordfors
Foto: NRK