Hopp til innhold

Omstridd lærar skal ikkje lenger jobbe i skulen

Læraren fekk fleire klager retta mot seg frå foreldre ved skulen. No er han fjerna frå stillinga og skal ikkje lenger jobbe som lærar.

Kritikk mot gymlærar
Foto: Anders Furevik (illustrasjon)

– Etter ei heilskapleg vurdering har skulen, den tilsette og rådmannen komme til semje om at vedkommande går over i ei anna stilling i kommunen. Det betyr at vedkommande ikkje lenger vil vere lærar ved skulen i august, skriv rådmannen i ein e-post til NRK.

NRK fortalde i januar at foreldre gjennom fleire år hadde varsla om ein lærar i Sogn og Fjordane. Hendingane dei omtalte var mellom anna mobbing av svake elevar og «straffemetodar» mot elevar som ikkje presterte.

– Mykje av dette ligg relativt langt tilbake i tid. Difor har det vore vanskeleg å klarleggje dei ulike hendingane, skriv rådmannen.

– Dette har vore ei vanskeleg og utfordrande sak for mange. Ikkje berre for skulen, elevar og familiar, men også for kommunen og ein av dei tilsette som har fått eit sterkt fokus på seg, skriv han.

Har vore vanskeleg å kartleggje eldre saker

Kommunen har no snakka med dei involverte familiane. Dei fleste episodane skal ha skjedd for fleire år sidan, og ungane er ikkje lenger elevar ved skulen. Unnataket er ei hending i 2016, som førte til at læraren vart meld til politiet og sikta for fysisk vald mot ein elev:

Læraren har forklart at han sa «kom deg opp og rydd ferdig», medan eleven sin versjon er at han «vart dregen etter hetta medan han låg på bakken bort til den andre sida av gymsalen for å ta opp ein ball». Ifølgje mora til eleven fekk guten panikk fordi han ikkje klarte å puste, før han til slutt klarte å vri seg laus.

Politiet valde seinare å leggje bort saka etter bevisets stilling.

Læraren er no omplassert i kommunen. Han skal ikkje lenger jobbe i skulen. NRK har vore i kontakt med læraren, som ikkje vil kommentere saka.

– Elevar har ikkje opplevd trygt skulemiljø

Etter at foreldre varsla om moglege brot på opplæringslova, opna Fylkesmannen tilsyn mot den aktuelle kommunen. Her har dei sett på om rutinane fungerer som dei skal. I den mellombelse rapporten vart det varsla om 16 moglege avvik. Etter tilsvar frå kommunen og ny gjennomgang, er talet avvik i den endelege rapporten redusert til fire.

– Skulen har over ein tiårsperiode hatt ein del saker. Det er viktig å få fram at det i denne perioden har vore elevar som ikkje har opplevd eit trygt og godt skulemiljø, seier seniorrådgjevar Helge Pedersen hos Fylkesmannen.

Kommunen skal saman med skulen no gå nøye gjennom tilsynsrapporten. Dei har fått frist til 1. november med å finne løysingar på avvika. Rådmannen understrekar at dei tek Fylkesmannen sin rapport på alvor.

I ein tidlegare versjon av denne saka, brukte vi ordet får ikkje lov å jobbe som lærar. Dette er no endra til skal ikkje jobbe som lærar. Den aktuelle kommunen presiserer at omplasseringa er friviljug frå begge partar. Vi ser difor at det ikkje var grunnlag for å bruke ordet får i denne samanhengen.