Hopp til innhold

Omstridd hijakt er høgaktuelt

Ikkje ein einaste jerv er felt under lisensjakta i Sogn og Fjordane så langt i år.

Jervar felt i Sogn 15.04.09

Jervefamilie felt i Sogn våren 2009.

Foto: Rein Arne Golf (Statens Naturoppsyn)

- Viss ein registrerer hi i Sogn og Fjordane, ligg det i korta at det vert hijakt, seier Knut Morten Vangen i Direktoratet for Naturforvaltning.

Vanskeleg lisensjakt

Nok eit år kan det gå mot at jervetisper og små jervekvalpar vert avliva medan dei ligg i hiet, ei jaktform som er svært omstridd. Med to månadar att av lisensjakta er ikkje ein einaste jerv felt i Sogn og Fjordane.

Jerven har dei siste åra gjort mykje skade på husdyr i Sogn og Fjordane.

Bøndene i Luster er vande med å finne sauekadaver etter jerven sine herjingar.

Sauekadaver i Luster hausten 2010 etter jerveåttak

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Region 1 - som Sogn og Fjordane ligg under - er i ei særstilling. Stortinget har sagt at det ikkje skal vere hi eller reproduksjon i området. Viss det vert registrert hi i fylket, så ligg det i korta att det bli hijakt.

I 2009 vart fire jervekvalpar tekne ut med hijakt. Viltforvaltar Hermund Mjelstad hos Fylkesmannen beklagar slik jakt, men seier vanleg jakt er vanskeleg i fylket.

- Me har vanskeleg terreng og vanskeleg tilkomst fordi det er lite vegar til områda jerven er i. Til saman gjer det at det er vanskeleg å få teke ut dei jervane ein har lov å ta med vanleg lisensjakt.

Kan berre leggja til rette

Både Direktoratet for naturforvaltning, Miljøverndepartementet og fylkesmannen har alle eit mål om å unngå den omstridde hijakta. Men kven som skal sørge for at nokon faktisk tek ut jerv under lisensjakta er heller uklart. Vangen seier det einaste dei kan gjere er å legge forholda til rette.

- Det vil seia opplæringstiltak, kursverksemd og informasjonsmateriell for at jakta vert mest mogleg effektiv. Men det er klart at me kan ikkje pålegga den enkelte jeger å bruka tid på dette.

Mislukka lisensjakt i jaktåret 2008/2009 førte til 11 jervar tatt på ekstraordinært uttak. Fire kvelpar og to tipser av desse 11 vart tekne ved hijakt våren 2009.

Mislukka lisensjakt i jaktåret 2009/2010 førte til 5 jervar tekne ut med ekstraordinært uttak, men ein nytta ikkje hijakt.

- Når lisensjakta er mislukka år etter år, er det då greitt at ingen slår i bordet og seier at dette skal me få til.

- Nei, me må nok basera oss på frivilligheit her fordi lisensjakt er ei ordinær jaktform