Normal

Omstridd badeanlegg opnar 2012

Kommunestyret i Luster har gått inn for å bygge Luster Bad.

Det avgjorde eit stort fleirtal i torsdagens kommunestyre. Dermed blir det byggestart i Gaupne til våren.

- Når det er kome så langt, trur eg vi er tent med eit størst mogleg fleirtal i den vidare prosessen, sa Bergljot Buskaker (Ap) og signaliserte dermed at ho ville snu og stemme for Luster Bad.

Opning 2012

Etter over tre timar med debatt vart det bede om prøveavrøysting då kommunestyret skulle avgjere om dei ville bygge Luster Bad. Då den viste 12-17 i favør av badeanlegget, valde fleire å gjere som Buskaker.

Badeanlegget til 91 millionar kroner vart vedteke med 19 mot ti røyster. Dermed legg ein opp til byggestart våren 2010 og opning sommaren 2012.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Vegopning på Bergum i Førde kommune