Hopp til innhold

Omstillinga til Westcon Yards i Florø imponerte arbeidsministeren

FLORØ (NRK): Westcon Yards i Florø fekk ombygging av to skip til 60 millionar som ein del av regjeringas tiltakspakke, og fredag var arbeidsministeren i Florø for å sjå på effekten.

Mikael Johansen og Anikken Hauglie

PÅ BESØK: Arbeidsminister, Anikken Hauglie (H) besøkte Westcon Yards i Florø fredag. Her saman med dagleg leiar, Mikael Johansen

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Det er bra å sjå at tiltakspakka har hjelpt og at den har sikra arbeidsplassar, seier arbeidsminister, Anikken Hauglie (H) under besøket i Florø.

Westcon Yards i Florø fekk 60 millionar av dei fire milliardane som vart sett til tiltak for aktivitet og omstilling i statsbudsjettet for 2016. Pengane vart brukt til oppussing av forskingsskipet G.O Sars og kystvaktskipet KV Svalbard.

Omstilling

Nedgang i olje- og gassektoren har ført til auka arbeidsløyse langs heile kysten og for Westcon Yards kom tiltakspakka godt med.

– Midlane vi fekk tilført har betydd auka oppdragsmengde i fjor haust og vi har klart å sysselsette 105 personar i fire til fem månadar. Tiltakspakkane aleine reddar ikkje industrien, men det hjelper på, seier dagleg leiar ved Westcon Yards i Florø, Mikael Johansen.

Arbeidsministeren seier regjeringa har hatt to viktig mål med tiltakspakkane.

– På kort sikt er det viktig at bedrifter greier å halde hjula i gang. På lengre sikt er det at dei skal klare å omstille seg og rette seg mot nye marknadar, seier Hauglie.

Under besøket i Florø fekk ho omvising på forskingsskipet og ho ser lyst på framtida til Westcon Yards.

– Denne bedrifta klarer å omstilla seg og mykje tyder på at dei har mange gode år framfor seg. Eg er glad tiltakspakka har fungert her, seier ho.

Forskningsskipet G. O. Sars. Foto: Morten Holm

OMBYGD: Forskingsskipet G.O. Sars er eit av to skip som har blitt ombygd i Florø.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

«Innflagging»

Mange bedrifter har flagga ut oppdrag til utlandet, der kostnadane har vore lågare. Westcon Yards skal no ta mykje av det tilbake til Florø.

– Vi har gjort investeringar her, i moderne maskiner som vil få ned timetalet og auka kvaliteten. Mykje av det som før har blitt gjort i lavkostland skal no bli gjort i Florø, seier Johansen i Westcon Yards.

Akkurat det gler fylkets NAV-direktør, Tore Thorsnes.

Tore Thorsnes, NAV-direktør Sogn og Fjordane

POSITIV: NAV-direktør i Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, er positiv til framtidsprognosane til arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Det gler eit NAV-hjarte. Det har vore eit problem at mykje har blitt flagga ut, så det å få fleire arbeidsoppgåver heim att er viktig, seier Thorsnes.

Men trass i at det er mange som har mista jobben i olje- og gassnæringa. Lediggangen i Sogn og Fjordane totalt er ikkje så ille som mange av nabofylka.

– Industrien i Sogn og Fjordane er ikkje like avhengig av olje og gass. Prognosane for 2017 er positive, seier Thorsnes.

Westcon Yard Florø

OPPGRADERING: Westcon Yards i Florø har oppgradert den siste tida og gjer sitt for å omstilla seg til ein kvardag der olje- og gassnæringa slit meir enn før.

Foto: Harald M. Valderhaug