NRK Meny
Normal

Omsetnaden kraftig opp etter ny Rema-app

JØLSTER (NRK): Rema 1000 sin nye «Bestevenn»-strategi har truleg gjeve Spar Jølstraholmen ein «flying start» etter rekordåret 2016.

Eirik Hjelmbrekke

GOD START: Eirik Hjelmbrekke opplever at kundar køyrer rett forbi butikkveldet i Førde for å handle lokale eller økologiske produkt hos Spar Jølstraholmen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi har ikkje hatt folkevekst på sju prosent siste månadane, så anten må vi ha fått fleire reisande forbi dørene eller så må vi ha fått fleire handlande frå andre butikkar, seier dagleg leiar Eirik Hjelmbrekke.

Vil velje sjølve

Eirik Hjelmbrekke

GÅR GODT: Spar Jølstraholmen leverte rekordår i fjor, og har fått ein god start på 2017. – Det blir spennande å sjå om kundar som har bytta butikk, byter tilbake etter kvart, seier dagleg leiar Eirik Hjelmbrekke.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Hjelmbrekke trur mest på det siste som forklaring på kvifor Spar Jølstraholmen har starta 2017 med å auke omsetnaden mellom seks og sju prosent. Det kanskje i kombinasjon med bomringen som i oktober i fjor vart etablert rundt Førde. Og sjølvsagt at butikken i seg sjølv har gjort mykje riktig.

Oppsvinget held fram frå rekordåret i fjor, etter at Rema 1000 innførte kundeprogrammet «Bestevenn». Strategien slankar sortimentet monaleg.

– Vi har det kjeda seier, pluss mange andre økologiske og lokale produkt. Eg trur folk tykkjer det er meir interessant å få velje sjølve blant det som eksisterer, enn det som butikken bestemmer du kan velje, seier Hjelmbrekke.

Klar samanheng

VG fortalde i går at matvarekjeda Rema 1000 opplever både omdømesvikt og omsetnadssvikt etter innføringa av kundeprogrammet «Bestevenn». Samstundes melder Coop Extra og Kiwi at dei på landsbasis merkar oppsving.

Daglegvareekspert Reidar Molthe er ikkje i tvil om at det er samanheng i utviklinga.

– Dei har tapt omdøme, både som følgje av bestevenn-strategien, kor mange etablerte produsentar er kasta ut, og etter innføringa av appen Æ, som mange ikkje har teke positivt imot, seier Molthe.

Veksten held fram

Det trur også Hjelmbrekke som i 1998 tok over som dagleg leiar. Frå 2012 auka butikken omsetnaden frå 40 til rekordhøge 49 millionar i fjor. I same periode er resultatet tidobla, frå 256.000 til 2,5 millionar kroner.

Lite snø og trafikk til Jølster skisenter skulle ikkje tilseie at omsetnadstala til Spar Jølstraholmen skulle ta av på starten av 2017.

– Folk er lojale mot sin faste butikk, men enkelte byter når det skjer slikt som «Bestevenn». Det blir spennande å sjå om dei som har bytta butikk tykkjer at Spar er betre, eller om dei vel å gå tilbake. Det vil tida vise, seier han.

Det har ikkje lukkast NRK å få tal for utviklinga av handelen til Rema-butikkane i Førde.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.