-Viss vi får eit overskot i år, så blir det lite, seier Atle Tornes i Fylkesbaatane, som i fjor hadde åtte millionar kroner i overskot.
-Situasjonen er den same her, seier Olav Smørdal i MRF, som i 1999 hadde 10 millionar kroner i overskot.
Men no vil MRF-direktøren få fart på kronene.
-Vi gjer ikkje dette for moro skuld. Når vi slår oss saman så er vi også nøydde til å ta konsekvensane av det. Målet no er å spare pengar, seier han.
Sjølv nemner Smørdal først og fremst godstransport langs kysten og buss- og landtransport i Nordfjord og på Sunnmøre som to stadar der det bør vere mogeleg å hente pengar kjapt.
-På godstransport langs kysten har vi konkurrert kvarandre i hel. Det er neppe eit problem som denne samanslåinga åleine kan løyse, men ved å samordne båtane er det i alle fall pengar å hente. Håpet er også at vi kan vekse og hente nye kontraktar i denne marknaden.
-På buss-sida køyrer våre selskap og Nordfjord og Sunnmøre Billag dobbelt fleire stadar, og då må det vere pengar å hente der også, seier Smørdal, som også innrømmer at det må vere mogeleg å spare pengar innan administrasjon.
-Viss fylkestinga går inn for dette, så er det ingen tvil om at det er eit av områda der det må vere mykje å hente. Å slanke organisasjonen er eit av dei tema vi må sjå på, seier Smørdal.
I pressemeldinga som er sendt ut frå selskapa heiter det at "funksjonar og administrasjon i selskapa vil elles på kort sikt i hovudsak vere som dagens system". Meir folkeleg sagt betyr det at dei enno ikkje har hatt tid til å sjå kvar dei kan spare pengar innanfor administrasjon, men at dei har tenkt å gjere det så fort som mogeleg.