Ompa-ompa og läderhosen i Stryn

Tek du deg ein tur til Stryn i helga, vil du bli møtt av kvinner i bondepikerdrakter og menn i lærshorts.

For fjerde gong blir det arrangert oktoberfest i Nordfjord-bygda. Det er Stryn Ping Pong Club som også i år står bak festen. Det heile starta på ein gutetur til ølfesten i München for fem år sidan.

– Vi hadde det så moro at vi ville lage ein lokal variant. Det starta enkelt med ein dag, men så har det blitt utvida til to, seier Kåre Tonning som er ein av arrangørane.

Ber menn la barten gro

Årets fest har plass til 2500 personar. Fredagen starta med 900 inne i det store ølteltet som er 30–40 meter langt. I kveld reknar dei med at 1500–1600 tek turen innom. Då skal mellom anna Frøken Oktoberfest og Beste Bart kårast.

– Vi oppmodar alle stryningar om å la barten gro i løpet av sommaren. Den som har den største og mest velpleidde i kveld, stikk av med sigeren. Den som har det beste bondepikeantrekk i kveld, blir kåra til Frøken Oktober.

Laurdag sit Tonning i Stryn sentrum og reknar med at det er 700–800 personar rundt han i det strålande vêret.

– Eg trur at 40 prosent av alle som er her no har drakt. Det lovar veldig godt for kvelden, ler han.

Meterlange pølser

Arrangørane er opptekne av at mest mogleg skal vere autentisk, så dei har importert øl frå München som berre blir seld i literglas og dei har fått spesiallaga pølser som er ein meter lange.

– Og her blir det läderhosen, tyrolarhattar og ompa-ompa-musikk utover dagen og kvelden.